tirsdag 2. september 2008

Tacit knowledge, og søket etter vitskap

Michael Polanyi(1891-1976), skreiv følgjande om kva "tacit knowledge" (taus kunnskap) er.

"To hold such knowledge is an act deeply committed to the conviction that there is something there to be discovered. It is personal, in the sense of involving the personality of him who holds it, and also in the sense of being, as a rule, solitary; but there is no trace in it of self-indulgence. The discoverer is filled with a compelling sense of responsibility for the pursuit of a hidden truth, which demands his services for revealing it. His act of knowing exercises a personal judgement in relating evidence to an external reality, an aspect of which he is seeking to apprehend. (Polanyi 1967: 24-5)"

Det som blir nemd her, er at klarer ein å aktivere interessa til ein elev, vise, visualisere, derav skape ein "gnist" hjå eleven som skapar lyst til å finne ut meir/imitere det som er blitt vist, tileigner ein stoffet på sin eigen måte og forståelse, definert som "tacit knowledge". Det ein berre må ha klart, er at ein må ta med eleven sitt vesen med i reknestykket. Personlegheita vil alltid vere ein viktig faktor for korleis ein tolker nye ting. "Tacit knowledge" baserer seg på dette. Alt dette dreier seg om basisen for læring. For at ein elev skal kunne absorbere, motta kunnskap må forskjellige "reseptorar" aktiverast. Ein kan samanlikne dette med ei slags kneppemaskin. La oss seie ein puttar deig inn i denne maskina. Korleis vil deigen sjå ut etter den har vore igjennom heile prosessen? Det er berre ein variabel ansvarleg for svaret. Korleis maskina er bygd opp er vitalt. Sett frå ei anna side, ein får ikkje inn noko deig viss opninga er stengd heller.

Ein kan og definere taus kunnskap som erfaringskunnskap. Kunnskap som ikkje står i boka, men som blir tileigna gjennom erfaringar og opplevingar. Erfarne maskinistar vil med tida "høyre" når det er noko gale med maskineriet. Lærarar som har hatt ei tid i yrket vil på samme måte kunne sjå når elevar ikkje forstår etc. Slike evner er sjølvsagt noko alle vil ynskje seg, men det står ikkje noko i boka om slikt. Ein må jobbe med barn og unge, vera med dei og forstå dei, for å kunne tileigne seg dette.

Eg nemde i blogginnlegget "Den gode lærar", at det var noko med "Frøken". Samspelet mellom ho og elevane var alltid funksjonelt, fordi ho forstod seg på oss, ho visste kva me tenkte. Såleis gjennom hennar tause kunnskap, aktiverte ho våre reseptorar, og basert på vår identitet - og måten me fekk det presentert, skapte me oss våre eigne fortolkningar av stoffet. Såleis vart taus kunnskap, på begge sider av samspelet, brukt for å skape ein utviklande og lærerik dialog.

1 kommentar:

Steinar sa...

Her har du i praksis vist eit godt eksempel på korleis teori og praksis kan knyttast saman. Det teoretiske begrepet "taus kunnskap" seier mykje om korleis denne gode læraren din var. Samanlikninga med maskinisten som "høyrer" maskintilstanden og læraren din som "følte dykkar tilstand" viser og at du har forstått dette. Bra!