mandag 22. september 2008

Pedagogisk grunnsyn


Kva er meint med eit pedagogisk grunnsyn?
Det vil seie kva verdiar, haldningar og kulturell forståelse som legg til rette for undervisninga. Alle har ulikt syn på korleis born lærer, korleis heilskapen er. Slike filosofiar legg til rette for det ein kallar for pedagogisk grunnsyn.

For å finne ut kva grunnsyn ein står for, må ein heilt inn til rota. Kva verdiar og haldningar står eg for?

- Born må få brukt sine evner
- Straff og belønning, og ellers kontrollerte former for betinging.
- Språket er det viktigaste medierande middelet. Det å kunne føre god kommunikasjon, formulere og utrykke seg, legg til rette for betre læring.
- Born må få tilpassa opplæring. Evnene deira må kartleggjast slik at kvar og ein får undervisning i forhold til det å utvikle seg best mogleg.
- Dei må lære seg å forholde seg til kvarandre og samfunnet. Det integrerte mennesket er eit viktig stikkord.
- Læraren skal skape interesse og læringsglød
- Kvalitet foran kvantitet
- Elevens totale livssituasjon er avgjerande for maksimal læring

Herfrå må vi ta kvart punkt og plassere det innanfor forskjellige teoriar og retningar. Desse vil saman danne eit grunnsyn som kjenneteikner mine filosofiar.

Det at borna skal få brukt evnene sine er svært sentralt. Då er det viktig ein legg opp undervisninga slik at denne mogleiken er til stades. Ein "toucher" litt innom behaviorismen her, der det blir sagt at "ein kan klare alt". Behavioristane såg optimistisk på oppdragelse fordi dei meinte ein kunne forme borna slik ein ville. Ytre påverknad vil vere med å setje preg på mennesket. Soleis kan ein vere med å "bestemme" kva for evner born skal utvikle. Sett i eit robotisk perspektiv var evner noko ein la vekt på å forme. Faren ligg jo i at ein må passe seg for det selektive, slik at det eg meiner eg viktig, brei stimulering, blir praktisert. På ei anna side finn vi humanistiske trekk her, som går ut på det å sjå positivt på mennesket. Ein legg seg ikkje opp i feila, men byggjer på det positive. Viktig å legge merke til forskjelllen her. I eit behavioristisk syn ville ein ha styrt korleis, og kva evner som blei stimulert, men i eit humanistisk syn legg ein vekt på den frie vilje og mogleiken til å utvikle seg fritt. Vil ikkje låse meg nokre av desse syna, men heller ta i bruk dei etter som det passar. Nokre gongar må ein legge til rette for "isolerte" øvingar, nokre gongar dei meir "opne". Blir ei slags progressiv vinkling her, men det styrte og tradisjonelle blir fletta inn i forhold til behov.

Straff og betinging er omdiskuterte begrep. Det er både om og men ved desse. Behavioristane meiner noko om den "ytre" påverknad". Dette kan og definerast som motivasjon. Dei meiner læringa i seg sjølv ikkje er belønning for eleven, og at ein soleis må innføre ei belønning utanfrå. Det kan vere lett å tolke dette som at ein gjev hunden sin mat etter den har gjeve labb, men ein kan sjå belønning i fleire former. Det kan for eksempel vere det å lese eit spanande bok, går fem minutt før timen er slutt, eller mindre lekser. Ofte ser ikkje eleven poenget med å lære noko. Då treng ein andre middel å framkalle motivasjonen. Det kan verke kynisk for mange, men strengt tatt kan menneske vere som kjøtere i blant. Hald ein saftig biff foran nasa så skal du sjå kva ein kan få dei til å gjere. Eg meiner det er bra når born jobbar bra og får noko igjen for det. Før eller seinare innser dei at kjøtstykket ikkje er så godt likevel, og at dei derimot lærer mykje i arbeidsprosessen. Ein slik hedonistisk tankegang er noko er ser positivt på.

Eit av dei viktigare punkta er språket. Det blir brukt som medium i alle samanhengar. Det seier seg sjølv at èr språket og kommunikasjonen velutvikla, har ein større mogleik for å kunne lære. Det å få utbytte av meiningsfulle dialogar, forstå lærarane betre, og ikkje minst på det som har med å formulere og utrykke seg både munnleg og skriftleg. Gode utvikla sosiale evner vil gi ei betre plattform ved læring generelt. Så kjem spørsmålet; Korleis stimulerer ein til språkutvikling? Samspel er ordet. Samspel i samarbeid og leik er nykkelen til sosiale evner og språket. Her er Vygotsky sitt syn relevant. Utviklinga gjekk frå samfunnet til individet. Han meinte born klarte meir saman med andre, enn åleine. Då eleven endeleg beherska stoff sjølv, karaktiserte han dette som at eleven "eigde" stoffet, stoffet blir internalisert, eller som Piaget ville sagt det; eleven har akkomodert nye skjema. Altså, læring i samspel med andre og læring der ein stimulerer språket, er det ein ser etter. Det sosiokulturelle synet og teoriane til Vygotsky står meg nermast her.

Tilpassa opplæring er viktig. Problemet i einskapsskulen er at alle har blitt sett likt, soleis urettferdig, fordi alle at alle har rett på å få utfordringar etter evne. Dette har med Vygotsky sin teori som forklarer "aktuell sone - proksimal utviklingsone - proksimal sone" begrepet. Sidan eg har skrive om dette tidlegare i bloggen, let eg forklaringa av dette ligge. Dette begrepet underbygger det at elevane skal få oppgåver i forhold til det dei kan, kor flinke dei er, slik at dei kan utvikle seg vidare. Vygotsky har med andre ord definert kvifor god læring er tilpassa læring.
Når det gjeld kartlegging av evner må ein tilbake til motpolen, til behaviorismen, for å måle, undersøkje og bruke vitskapen. Veit vi kva skjema kvar elev sit med så har vi grunnlag for å legge til rette for tilpassa opplæring.

Vi ser altfor mykje bøller og dårleg atferd generelt hos unge. Eg er opptatt av danninga, og meiner den fremjer utdanninga. Eit slikt holistisk syn trekkjer fram eit viktig begrep som "det integrerte mennesket". Dette er noko eg legg stor vekt på, og for å oppnå det kjem mine kultursentrerte tankar inn i bildet. "Menneske fødes man ikke til å være, det dannes man til", sa Erasmus av Rotterdam. Kunne ikkje vore meir einig. Eit menneske er ikkje noko menneske før det lærer seg og oppføre seg som eit. Adaptsjon skjer ikkje gjennom utforsking, men gjennom læring og imitasjon. Her kjem eit godt argument fram for det å vere rollemodell. Alle menneske prøver og adaptere seg. Denne balansevekta til Piaget, der ein alltid strever for likevekt forklarer dette. Imitasjon er noko alle menneske gjer, ubevisst eller bevisst. Soleis vil det å vere rollmodell skape godt resultat når born imiterer ein. Eg har då eit holistisk syn på danning, behavioristisk syn på kvifor, og ein kultursentrert måte å oppnå det på.

Det er sentralt at eleven har læringsglød og interesse ved arbeid med stoff. Korleis oppnår ein dette? Det er ikkje eleven sin jobb. Eg har ei kultursentrert tenkning her, bygd på Herbart sine teoriar. "Interesser er resultat av undervisning". Det betyr at læraren er ansvarleg for at elevane vil lære eller ikkje. Det handler om å framstille stoffet best mogleg, slik at stoffet blir spanande. Progressivistar er late og meiner eleven "har det inni seg". Pytt, spør du meg. Nok eit argument for å sløve med undervisninga. Born veit eigentleg ikkje kva dei likar før dei ser det, eller opplev det. Eg går i den oppfatning av at blir noko framstilt riktig, vil det alltid bli interessant. Her vil eg kople inn ei neobehavioristisk vinkling, bygd på Bandura sine teoriar om forventingar og mestring. Han skilte mellom to forventningar. Det å kunne tru på å klare noko(efficasy expectations), og det å tru på nytteverdien av det ein skal oppnå(outcome expectations). I forhold til forventning om mestre, lista han opp fem informasjonskilder som var avgjerande.
-Tidlegare erfaring med å mestre på same område
-Vikarieande erfaring, det å ha observert andre som har gjort noko av det same. Rollemodell er eit viktig stikkord her.
-Verbal overberbevisning, det å få ros og oppmuntring
-Emosjonelle forhold, knytta til handling eller resultat
-Personleg tolking av eigne prestasjonar

Det beste ein kan gjere som lærar, er å legge opp undervisning som legg til rette for mestring. Når det kjem til informasjonskilder kan ein rose og oppmuntre, samstundes vere ein rollemodell for elevane. Det vi kan legge merke til her er at det er forskjellige faktorar læraren ikkje kan gjere noko med. Vi minnast nok ein gong at læring er avhengig av mange, mange faktorar, og fleire av dei er utanfor læraren si rekkevidde. Rett og slett. Det einaste ein kan gjere, er som dette avsnittet har handla om- leggje til rette for best mogleg læring.


Kvalitet foran kvantitet.

Det å gjere lite og lære litt, er betre enn å ikkje lære noko. Kvalitet i timane går ikkje berre på undervisninga, men òg på elevane si innstilling og disiplin. Ser elevane store mengder stoff foran seg, kan det verke demotiverande. Samstundes vil dei kanskje jobbe for fort fordi dei vil prøve og kome gjennom stoffet. Ein kan samanlike dette med ein unge som spis middag. Lager du ein stor tallerk graut vil han kanskje berre ete litt. Viss det derimot kjem ein passelig og heller liten porsjon, vil ungen heilt sikkert ete opp. Dette er noko viktig å tenkje på når elevane arbeider.Det dukker nok sporadisk opp ein hedonist i meg for å oppnå dette. Jobber elevane knallbra og er blitt ferdige, har eg ingen problem med å sjå dei få noko belønning for strevet.

Alle kan minnast den gongen dei hadde ein god dag- og motsatt. På ein god dag vil ein vere meir motivert enn på ein dårleg dag. Dette gjeld og læring. No skal vi ikkje misforstå og seie at elevens gode og dårlege dagar er det same som livssituasjonen, for det er det ikkje. For å skjønne det kan vi sjå på det økologiske systemperspektivet. Maslow og Bronfenbrenner lagde to modellar for å illustrere kva dette dreia seg om. Behovspyramiden til Maslow viser oss kva som er naudsynt for eit menneske til å fungere. Ideen er at mangler nokre av dei fundamentale elementa, vil det få utslag i den totale livssituasjonen. Bronfenbrenners modell illustrerer det same poenget, men er meir detaljert. Det økologiske systemperspektivet legg vekt på at alt heng saman, og at svikter det ein plass, vil det bli kluss i maskineriet. Her kjem nokre eksempel.

- Ola har ikkje ete noko i det siste. Han har lite overskudd og energi. Han er blitt tynnare og klarer ikkje å følgje med.
>> Ola mangler no ifølge behovspyramiden eit av dei grunnleggjande elementa for ein god livssituasjon. Mat. Eit ledd i maskineriet til Ole har svikte, soleis vil det få konsekvensar.

- Kari har det flott på skulen, men heime blir ho voldtatt av far sin. Ho seier aldri noko. Læraren har merka seg ho ikkje snakker med andre, eller stoler på andre. Individuelt kan ho jobbe bra, men ikkje kollektivt. Ho funker ikkje i samarbeid.
>>Sjølv om ikkje Kari har utspring i problemet i skulen, får det likevel konsekvensar sjølv om problemet kjem frå ein annan arena. Går eit hjul dårleg, vil det merkast på bilen.

Den totale livssituasjonen er ein sum av alt ein er del i. Kommunikasjon, handlingar, tankar og kjensler. Alle negative skjelv vil danne rifter i det kognitive, og vil trenge tid til å lege. Jo fleire rifter, jo større sår - og jo større sår, jo verre har ein det.
Det kan vere vanskeleg å "sjå" , eller legge merke til rifter, fordi elevar kan skjule godt. Det som har med det indre å gjere, det kognitive, kan ein heller ikkje "sjå" fysisk, slik at ein må anta kva som har skjedd eller skjer. Her kjem taus kunnskap inn i bildet. På dette tidspunkt er eg ingen erfaren figur, heller ingen Polanyi, så eg ville hatt problem med å lese elevane. Erfarne lærarar derimot, eller lærarar som har hatt ein klasse lenge, vil kunne sjå rifter på eit tidlig tidspunkt, soleis kunne vere med på å fremje den totale livssituasjonen til elevane sine. Den totale livssituasjonen er direkte knytta til livskvaliteten. Eg går i oppfatning av det å undervise born som har det bra, gir betre resultat enn med born som har dårleg livskvalitet.

Det kognitive, nemd overfor, er vanskeleg å forholde seg til. Eg er einig i perspektivet til behavioristane her, det at vi ikkje kan sjå det indre. Derimot, det at ein ikkje skal bry seg om det er feil. Eg tykkjer det indre i menneska er vel så viktig som det ytre, men det er vanskelegare å forholde seg til. Ein kan ikkje "sjå" inn i eit menneske. Det fins ikkje noko slikt som supersyn, der ein kan sjå kva kvar og ein tenkjer. Den einaste som kan avsløre litt av filmen, er dei som har den. Før eller seinare vil riftene vise seg, då er det opp til det erfarne augo og observere det. Men den tause kunnskapen er som namnet seier, taus, og at vi ikkje kan tileigne den ved lesing eller pugging.

Må presisere at det pedagogiske grunnsynet er dynamisk. Eg vil heilt sikkert forandre mitt syn på fleire område i løpet av desse åra på allmennlærarlina. Eg, som andre, vil verta påverka av elevar, lærarar, media og andre instansar. Guslundåsen barnehage formulerer seg slik om grunnsynet;" Vårt pedagogiske grunnsyn er ikke et statisk dokument, men derimot noe vi til stadighet jobber med og som skal endres i takt med barnehagens utvikling. Som lærar må ein av og til vike frå sitt personlege grunnsyn og gå ut i frå det felles grunnsynet skulen står for.

6 kommentarer:

Magnar sa...

Interessant å lese. Du dekker fleire dekar med stoff. Det skal du ha. Godt bilde på slutten med grauten. Graut talerken og smørauga er jo etter hvert blitt ditt varemerke! :)

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Skal gi deg eit varemerke eg=)

Magnar sa...

haha:)

Heidi G. sa...

Skal si du reflekterer godt rundt ditt eget grunnsyn. Det å starte med dine egne verdier og holdninger gjorde at du fikk med mye, og at du undersøkte deler av grunnsynet ditt grundig. Nå er det vel mange deler som fortsatt er ubevisste også, som du aldri kommer til å bli oppmerksom på. Du har veldig god oversikt over faget, og jeg er imponert over alle tanken du har gjort deg rundt dine egne verdier.

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Takk skal du ha=)

Steinar sa...

Hei! Ja, her var det mange dekar, som Magnar skriv:-) Bra det, og interessant å lese ulike innfallsvinklar. Eg får inntrykk av at du har eit grunnsyn som i stor grad er basert i neobehavioristiske teoriar krydra med humanisme. Stemmer det? I så fall kvifor/kvifor ikkje?