torsdag 11. september 2008

Vygotsky og Piaget

Vygotsky og Piaget blei begge født i 1896, og dei står i dag fram som to av dei viktigaste personane relatert til vårt syn på læring.

Piaget

Piaget var biolog, såleis opptatt av det å analysere og diagnosere organismar i naturen. Då han blei interessert i psykologien, implementerte han mykje av den biologiske tenkninga i studie relatert til korleis born lærer og tilpasser seg. Han såg born i eit biologisk perspektiv. Herfrå utvikla han ideen om adaptsjon. Alle individ vil tilpasse seg miljøet. Dette skjer på to måtar. Enten gjer ein det på bakgrunn av eksisterande, allereie kjend kunnskap(assimilasjon), eller så må ein prøve å løyse ufamiliær kunnskap, såleis lære noko heilt nytt, og deretter tilpasse seg(akkomodasjon). Dette kan knyttast til "kognitiv konstruktivitisme", som går ut på ein ser læring som noko individuelt, der læring skjer gjennom samspel mellom barnet og dei fysiske omgivnadane.

Piaget sine studier, og utvikling av teoriar derfrå, var på bakgrunn av nøyaktige og kliniske studier av born. Han studerte berre eitt barn om gongen, og ofte var dette i kunstige, planlagde settingar. Piaget meinte at den intelektuelle utviklinga hos born gjekk gjennom fleire stadie i livet. Kvart stadie fortel kva som er mogleg å tileigne seg i den perioden stadiet representerer. Eg berre listar opp desse, utan å gå nærmare inn på kvar enkelt. Poenget er berre å poengtere Piagets tenkning.
-Senso-motorisk
-Pre-operasjonelt
-Konkre toperasjonelt
-Formal-operasjonelt

Piaget meinte ein erfarer den ytre verda gjennom handling og utforsking. Det som sit igjen på det indre, mentale planet, blir ikkje eit statisk minnespor, men eit aktivt handlingsmønster. Den indre representasjonen av slike handlingsmønstre, ofte knytta til lengre handlingssekvensar, kalte Piaget skjema. Eller som eg ville ha kalla det, reportoar. Ein har alle former for reportoar. Ein kan kople skjema-begrepet til assimilasjon og akkomodasjon. Dette er knytta til likevektshypotesen til Piaget. Eit eksempel:

Ole har nett lært om multiplikasjon. Han har lært den lille multiplikasjonstabellen. Så kjem han til punktet der han skal rekne med fleire siffer(75x5).Ole må no bruke assimilerte skjema, dvs rekne 5x5, 7x5 etc, for å lære seg nytt stoff. Såleis utvide forståelsen sin ved bruk av eksisterande skjema. Piaget definerte denne læringsadaptsjonen som ein likevektsprosess, der individet må finne balanse, likevekt mellom det ein veit og det ein ikkje kjenner til. For å nå likevekt, må ein på grunn av manglande skjema endre sitt gamle, skape ny forståelse slik at den stemmer med røynda. Assimiliasjon --> Akkomodasjon = Adaptsjon, ny forståelse av røynda.


Vygotsky


Vygotsky var meir den psykologiske typen, samanlikna med Piaget sin vitskaplege måte å tenkje på. Språket stod mykje i fokus hos Vygotsky. Han meinte språket i seg sjølv var eit viktig verktøy relatert til læring, og at sosialt samspel, samfunnets påverknad på individet hadde svært mykje å seie for utviklinga. Han meinte òg at via språket og den ytre tale, ville barnet etterkvart utvikle den indre tale. Dette var senter for reflektering, desentrering og forståing. Han meinte det var viktig å planleggje undervisning som låg til rette for samarbeid og samspel. Det kollektive synet Vygosky hadde, gjekk igjen i korleis han meinte born lærte.

Nemd tidlegare, barnet utvikla språket frå samfunnet til individet. I læring satte han opp ein prosess ein kan sjå parallelt med dette. Vygotsky meinte born kunne få til meir saman med andre, enn åleine. Skilnaden mellom det ein kan klare med andre og det ein kan klare åleine, kalla Vygotsky for "den proksimale utviklingssone". Eksisterande skjema, det ein allereie veit, eller kan klare åleine, kalla han den "aktuelle sone". Det ein ikkje kan, eller strever mot, kalla han den "proksimale sone". Vegen mellom desse sonene, prosessen mot ny vitskap, den proksimale uftviklingssone, meinte han var den ideelle for læring. Ein kan sjå parallellar her i forhold til Piaget sin teori om assimilering og akkomodasjon. Men det var forholdet mellom desse to begrepa Vygotsky satte ord på. Den gode lærar vil altså klare å halde eleven sin i denne proksimale utviklingssona. Ein må gi eleven noko motiverande og utfordrande, men på eit nivå slik at eleven er i stand til å assimilere og utnytte søket etter ny vitskap.

Såleis støtter Vygotsky sine teoriar det K-06 seier om tilpassa opplæring. Alle born er ulike, såleis har alle ei eiga utviklingssone som læraren må finne. Blir det satt for høge krav vil ikkje eleven vere i stand til å assimilere, såleis heller ikkje kunne akkomodere. Er krava for små, slik at alt kan sjåast som berre repetisjon, vil eleven berre assimillere, men ikkje få utfordringar til å kunne akkomodere. Tilpassa opplæring gjev alle mogleik til å kunne ta i bruk desse to begrepa, såleis vere i si proksimale utviklingssone.

Sett i samanheng, Piaget si individuelle tenkning, kontra Vygotsky sosialiserte tenkning, har begge sin minus og pluss. Eg trur ikkje ein skal leggje for mykje vekt på nokre av dei, men heller hente godbitar frå kvar, såleis danne eit opplegg som passer. Det er mange vegar fram til målet, ikkje berre ein eller to. Det må ein aldri gløyme.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Først vil eg takka for at du er så akti, både med eigne innlegg, men også med å kommentera andre!

Elles så ser eg at du er på hogget og du har tatt for deg to svært sentrale teoretikarar innan læring! Kven av dei føler du appellerer mest til deg?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Vil vel seia Vygotsky er meir min type. Han står òg for fleire viktige element K-06 legg vekt på. Likevel, som eg nemnde sist i innlegget, betre heller trekke godbitar frå kvar.

Det gode livet sa...

Tusen takk, akkurat det jeg trengte til oppgaven jeg skriver :) Flott sammendrag. Jeg skal sette disse teoriene opp mot Erikson og Freud sine teorier, og opp mot Mashllows behovs pyramide. Følte meg veldig hjelpesløs en stund her, men nå har jeg fått nytt mot :) Tusen takk :)