tirsdag 2. september 2008

Kvifor lærar? Lærarens rolle i skulen, og det integrerte mennesket

Kvifor lærar? Ja, det har eg òg lurt på. Rart, men sant. Eg har jobba i skuleverket sidan vidaregåande. Dette har vore positive år, med mange gode opplevingar og erfaringar. Eg tenkjer slik at, har eg jobba i skuleverket så lenge, og fortsatt trivst, bør dette vere ein smart veg å gå. Samtidig trivst eg med menneske. Det å påverke og utvikle andre, er eit av livets største gleder. Det å kunne aktivt vere med å forme individ til det betre, er sjarmerande å tenkje på. Då er læraryrket eit steg i riktig retning.

Eg har òg vore trenar for yngre volleyball-lag i fleire år, heilt sidan eg var seksten, faktisk. Trenarrolla har gjeve meg mange erfaringar på det å motivere, instruere. Dette var gøy, tykte eg. Såleis heldt eg fram med det. Mange parallellar kan trekkjast mellom det å vere trenar og lærar.

Både assistentjobben og trenarrolla, var begge positive erfaringar. Vidareføringa av dette blir då læraryrket. Difor vil eg bli lærar!

Steinar presenterte i dag lærarens mange roller, og faktorar han må forholde seg til. Dette set då krav til læraren som ein allsidig person. Han må kunne drive med:

-Planlegging
-Oppdraging
-Undervisning
-Omsorg
-Skuleutvikling
-Samarbeid
-Administrasjon og leiing
-Spesielle tildelte oppgåver

Eg nemde tidlegare i bloggen kor mykje læraren måtte kunne, relatert til undervisning. "Zoomer"ein ut, vil ein sjå at kompetansespekteret for læraren ikkje er reint lite. Kvart punkt her har òg fleire undergrupper som stiller forskjellig krav til kompetanse. Istadanfor å liste opp dei, vil eg slutta av med fem viktige kompetanseområde som dekkjer over alt dette.

- Fagleg kompetanse
- Didaktisk kompetanse
- Sosial kompetanse
- Yrkesetisk kompetanse
- Endrings- og utviklingskompetanse

Det integrerte mennesket

Læreplanen nemner det integrerte mennesket. Integrert tyder "heilskap", og blir eit bilde på at mennesket som heilskap skal bli utvikla i skulen. Det kan bli kategorisert slik:

- Det meiningssøkjande mennesket
- Det skapande mennesket
- Det arbeidande mennesket
- Det allmenndanna mennesket
- Det samarbeidane mennesket
- Det miljøbevisste mennesket (blir samla i det integrerte mennesket)

Ein skal stimulere alle sider ved individet, slik at det skal fungere og bidra til samfunnets gode i vaksne tider. Ein skal stimulere det til det å bli modent, danna og utdanna. Det integrerte mennesket er eit bilde på korleis idealet vårt er. Danningsidealet.

Det står og i boka at dette dreiar seg ikkje om å utdanna sju mennesketypar. "Dette dreiar seg om ulike danningsdimensjonar ved eitt og samme menneske som blir utvikla"

Store ord, kanskje, men tanken eg god. Slik skal det vere.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Det verkar på ingen måte tilfeldig at du no ønskjer å utdanne deg til lærar. Det verkar å vere eit velgrunna val med nyttige erfaringar frå både skule og trenarkarriere.

Med utgangspunkt lista over roller me har som lærarar, er alle desse gyldige for deg som trenar også? På kva måte?

astrid sa...

Så bra at du flettar teori frå timen inn i teksten din. Kanskje du også kunne ha nemnt korleis du opplevde desse punkta du har nemt då du jobba i skulen, og for så vidt som trenar? Du kjem nok til å bli ein god lærar:)