torsdag 28. august 2008

Kunnskapsløftet

Dagens ped'økt handla om kunnskapsløftet. Kontrastar i forhold til tidlegare planar(L97 m.m), og ellers viktige punkt/fundament som var verdt å merke seg. Det eg noterte meg, og meiner er viktig, var Kunnskapsløftet si framheving av læraren. Rolla som forbilde og leiar skal framhevast. Med denne nye "makta", trur eg den gode lærar vil få meir og bedre påverknad på elevane. Det kan òg snu andre vegen, slik at dårlege lærarar får makta til å verke i motsatt retning.

K-06 legg og vekt på tverrfagleg breidde i faga, meint slik at alle fag skal stimulere til å bruke/videreutvikle fem sentrale dugleikar. Lese, skrive, rekne, det og utrykke seg munnleg, og digital kompetanse. Desse fem dugleikane vil setje krav til korleis undervisninga skal foregå. Læraren må utføre undervisninga på ein slik måte at desse elementa blir involvert. Sjølv om dette kan sjå veldig komplisert ut er det eigentleg ikkje store saka, meiner eg. Ein kan alltid finne innslag av matte/skriving i fag som ikkje har direkte med dei å gjera. Det blir som å leite etter noko ein vil ska bli funne. Vil ein finne noko mattematikk knytta til norsk, finn ein det, og krava til den avanserte/vanskelege mattematikken vil heller ikkje vere noko store.
Ein kan samanlikne det med formgjeving. Då tenkjer læraren enkelt. " Null problem det, i dag kan elevane lage trekanta bilder, slik får dei innslag av geometri, og slik har eg dekka det Kunnskapsløftet seier om den saken. Den er biff!" Det eg prøver å få sagt her, er at alle fag har innslag av tverrfagleg stoff, på ein eller anna måte. Oppgåva med å fylgje desse nye krava er eigentleg ikkje største utfordringa. Det som blir vrient, er å sjå om denne tverrfaglege breidda har relevans. Har ein lært om multiplikasjon i matte, og lagd geometriske figurar i formgjevinga, ligg ein ikkje akkurat på same plan. Pedagogisk sett, vil denne tverrfaglege fokuseringa ikkje gi noko meir utbytte enn før, fordi det å kombinere alle elementa saman på ein hensiktsmessig måte, vil vere meget, meget vanskeleg. Frå mitt synspunkt er dette noko ein legg for mykje i. Det er viktigare moment i læring å leggje vekt på.

K-06 sin visjon med det å jobbe mot det allmenndanna, arbeidande, samarbeidande, skapande, meiningssøkjande og miljøbevisste mennesket, har mykje ambisjon i seg. Slik må det vere.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!

Flott at du allereie har lagt inn fleire nnlegg i bloggen din og at du har starta med å kommentera andre sine bloggar!

Innlegga dine viser at du har fått med deg mykje av det sentrale som eg har prøvd å få fram. Kva meiner du om Kunnskapsløftet sitt mål om "det integrerte mennesket", korleis oppfattar du dette mennesket?