tirsdag 9. september 2008

Kommunikasjon

I observasjonspraksis kan det å sjå på kommunikasjon vere eit interessant punkt. Korleis læraren kommuniserer med elevane og motsett. Ein kan sjå på korleis borna leiker saman, eller korleis dei prater til kvarandre. Alt dette har med kommunikasjon å gjere. Wikipedia definerer det slik;

"Communication is the process of conveying information from a sender to a receiver with the use of a medium in which the communicated information is understood the same way by both sender and receiver. It is a process that allows organisms to exchange information by several methods. Communication requires that all parties understand a common language that is exchanged, There are auditory means, such as speaking, singing and sometimes tone of voice, and nonverbal, physical means, such as body language, sign language, paralanguage, touch, eye contact, or the use of writing".

Kommunikasjon har med dialog å gjere, og at begge partar forstår kvarandre via eit medium. Med medium meiner ein det må vere noko tilstades begge partar tar i bruk som legg til rette for forståelse. Det kan vere munnleg språk, kroppspråk, tegn o.l. På den måten utveksler vi holdningar, kjensler og kunnskap. Såleis kan ein definere kommunikasjon som meiningsfullt. Det har eit poeng. Hadde det ikkje vore kommunikasjon, kunne det heller ikkje eksistert noko samspel mellom menneske. Det er vitalt.

Sjølv om ein kan få godt samspel i ein dialog, eller utveksle mykje, er det mange feiltrinn ein må vere obs på. Som lærar er det viktig å vere klar over at born er ulike, og at dei tolker ulikt. Ein må tenkje på korleis ein formulerer seg, slik at mottakar ikkje tolker feil. Kanskje eit born har opplevd noko fælt nylig. Då vil dette barnet kanskje stenge seg litt, eller vere meir sårbar for korreksjon osv.

Det å få til god kommunikasjon inneber eit godt samspel, der begge partar er aktive og utveksler. God kommunikasjon inneber det å kunne ta den andre sin plass, og forstå korleis ein skal kommunisere. Kva nivå ein skal forholde seg til. Det er mange faktorar som speler ei rolle i kva det endelege utbyttet av dialogen blir.

1 kommentar:

Steinar sa...

Eg gledar meg til å høyre kva du har observert omkring kommunikasjon i skulen. Lukke til!