tirsdag 9. september 2008

Observasjon og persepsjon

Komande veke er det observasjonspraksis. Såleis treng vi tileigne oss vitet kopla til det å kunne observere, vere kritisk til tolkinga osv.. Dette var noko som stod sentralt i ped`økta i dag.

Først, kva er observasjon?
Det er eit hjelpemiddel for å hente informasjon innanfor eit bestemt område. Ein metode der ein går meir innpå "røynda" og henter spesifikke data. Då er det viktig at ein bestemmer seg for kva ein skal sjå etter, slik at sansane våre er peila inn på det som er relevant. Då kjem ein innpå det ein kallar for persepsjon. Eit breiddt begrep som står sentralt i observasjon, men og kommunikasjon. Wikipedia seiar følgjande om persepsjon;

"In psychology and the cognitive sciences, perception is the process of attaining awareness or understanding of sensory information. It is a task far more complex than was imagined in the 1950s and 1960s, when it was predicted that building perceiving machines would take about a decade, a goal which is still very far from realizable. The word perception comes from the Latin perception, percepio, , meaning "receiving, collecting, action of taking possession, apprehension with the mind or senses."

Persepsjon handler om å hente data via sansane våre og omgivnadane. I idrett blir det kopla til å reagere på stimuli (starte på skudd). Ein kan samanlikne skulen som vårt stimuli når vi skal vere der i observasjonspraksis, og at vi må ha sansane tilstades for å tileigne oss dei data vi er ute etter. Sjølv om ein kan få med seg mykje, er det viktig å vere kritisk til sine data, noko som leiar meg vidare til neste poeng.

Etter observasjonen sit ein igjen med store mengder data som skal tolkast. Ein må huske at vi alle er ulike, og at på bakgrunn av den vi er, dei erfaringar og opplevingar som er knytt til vår identitet, alltid vil gi sitt preg på tolkinga av observasjonen. Tolkinga er subjektiv.
Etter sjølve tolkinga må ein ta hensyn til det som blir kalla "feilkjelder".

-Det kan vere ein har basert for mykje av tolkinga på fyrsteinntrykk, og såleis vil forståelsen av "heile" data vere begrensa.
-Det kan vere ein berre tek hensyn til einskilde hendingar. Kanskje ein berre sit igjen med sisteinntrykket, og såleis ikkje får med heilskapen i dei data ein såg etter.
- Det kan hende ein undertrykkjer sansane fordi glorifisering og stereotyp-begrepet påverker for mykje.

Korleis fører ein data?
Det fins fleire måtar og loggføre obervasjon, men fordi vi berre skal ta i bruk ein metode no, er det like greitt å berre legge den under lupa.
Loggbok er metoden vi skal ta i bruk som kort sagt vil seie notat av av observasjonar.
Hovudpoenget ved denne metoden ligg i det å først skrive ned alt ein ser, deretter tolke data.
Dette er ein grei måte å gjere det på, sett i det perspektiv at ein klarer å utføre desse to fasane skikkeleg. Det er mange som skriv ned det dei tolker, istadanfor det dei ser.

Observasjon er viktig å kunne, både som student og lærar. Alle menneske observerer kvar dag, utan at dei tenkjer på det. Men då observerer vi ubevisst. Sansane våre velgjer å sanse det dei vil. I veka som kjem skal vi snevre oss meir inn og spesialisere oss på å hente spesifikke data.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!
Grundig arbeid og god oppsummering av økta!