søndag 30. november 2008

Læringsstilar

Dagens skule, der ein legg vekt på TPO og indivuelle behov, opnar mange dører på mange skular, for nettopp læringsstilar. Eg ser på det som ein form for snillisme og reinspekka tull, rett og slett. Då eg gjekk på barneskulen var det einskapsskulen som stod i fokus. Samstundes hadde ein ikkje utvikla metodar, eller hadde mangel på ressursar, når det kom til diagnostisering. Det var klare reglar for korleis ein skulle oppføre seg i klasserommet.

Eg meiner at ALLE menneske har evna til adaptsjon. Må ein lære seg å sitte stille, så skal det gå an. Ein treng ikkje måtte inngå kompromiss med elevar for å få dei til å lye. Korleis går det an å følgje med når ein spelar Playstation, leker med gameboy eller anna underhaldningsmateriale? Det same gjeld musikk. Skal ein få lov til å ha musikk i øyrene fordi ein ser det går an? Sjølvsagt ikkje! Greitt at eleven får med seg stoff, men det er handlinga som er feil i utgangspunktet. Det er ikkje nødvendig. Snillisme, i alle høgaste grad.

Berre så det er sagt, det kan være lett å forveksle læringsstilar med rammefaktorar. Dei er totalt forskjellige. Rammefaktorar er fysiske element som må vere til stades, eller element som har ein positiv stimulerande effekt. Læringsstilar er middel for å forbetre elevane sine manipulative evner. Dei føler seg som kongen på haugen, og mogleiken for at dei ber om ei silkepute å sitje på, er heller ikkje å avskrive.

Når det kjem til essensielle faktorar som er knytta til elevane, er det jo sjølvsagt ein anna sak. Har ein elev eit særskild behov, må ein jo prøve å legge til rette for det. Men når det kjem til slike småting som musikk i øyrene, tyggis i kjeften osv.. blir eg skikkeleg irritert når eg ser det for meg.

Eg føler meg kanskje litt konservativ på dette punktet, men eg vil ikkje ha problem med å ta hensyn til skulen i utvikling, og skulekoden generelt. Berre for å gjere ei kort historie lang, eller motsatt; Læringsstilar er ikke nødvendige, med mindre dei verkeleg er det.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Anders =)

Dersom en elev lærer mer av å sitte å lese mens eleven hører på musikk, og det ikke er undervisning, bør ikke eleven få lov til å gjøre det da? Lærerens oppgave i etterkant vil bli å evaluere om eleven virkelig har lært noe av det han/hun har lest. Dersom eleven ikke lærer noe, vil det bli en helt annen sak, da er mp3 spilleren et forstyrrende element som ikke øker læring. Det er vel læreren som strengt tatt bestemmer hva som er lov eller ikke i klasserommet, og jeg ser ingen ulempe med å la elevene gjøre litt uortodokse ting for å utvikle sitt læringsgrunnlag så lenge det ikke er til plage for de andre elevene, men selvsagt med lærerens tillatelse. Jeg vil tro det er vanskligere å lære under "tvang" og mener det er ofte bedre å møtes på halvvegen, så lenge det ikke går utover lærerens autoritet. Selv tror jeg ikke jeg kommer til å la elevene høre på ipod og lignende i mine timer, men kanskje en gang i blandt. Det kan være spennende å prøve ulike metoder å se hva som virkelig fungerer i praksis.

mvh
Jan even

Steinar sa...

Her kjem det fram klare meiningar, du ser på læringsstlar som "snillisme og reinspikka tull", men samstundes er det open for at det kan vere aktuelt for elevar med særskilde behov. Kor vil du praksis dra grensa då, ved §5 elevar?

Eg skjønar at du avviser "ekstreme" utslag av teorien, som tyggis og musikk, men avviser du også å leggje til rette for "normale" elevar der nokre er auditivt sterke og andre på det visuelle området?

astrid sa...

Hei Anders!
Flott at du er tøff nok til å vere så klar i dine meiningar. Men personleg så er eg litt ueinig med deg. Eg skjøner at du synest at det somme tilfelle kan bli for ekstremt. Dersom ein skulle la alle elevane høyre på den musikken dei lika best i kvar einaste time, ville det jo bli kaos. Dersom me ikkje drar det til det ekstreme, trur eg det kan kome mykje bra ut av å leggje vekt på dei ulike læringsstilane. Det er jo ikkje nokon hemmelighet at me lærer på ulikt vis. Men alt med måte sjølvsagt!