lørdag 15. november 2008

Fenomenologi + empirisme + irrasjonalisme = ?

Eg vil i dette innlegget prøve å dra parallellar mellom ulike begrep, og sjå samanhengen knytta til konstruktivisme.

Alle desse fine orda har med sansing og gjere. Fenomenologien fokuserer på korleis vi ser verda, og at vi alle opplev den ulikt. Steinar sine røde briller er eit godt eksempel på dette. Empirismen legg fokuset over på erfaringane vi gjer, og dei legg grunnlaget for forståelsen av opplevingane vi gjer. Irrasjonalismen peikar på det irrasjonelle, det motsatte av det rasjonelle. Det som vi ikkje ser.

Desse begrepa kan alle sjåast som viktige moment i konstruktivismen. Elevane skal få skape, utforske og undre. Kriteria for at slik tankeverksemd kan foregå, er at ingen sanning er nemd. Det å få eit problem foran seg, uten å ha fått nokon formel eller kunnskap på forhånd. Dette høyrdes litt vel induktivt ut det? Det er nettopp det det er. Det er heile poenget!

Konstruktivismen sitt poeng kan formulerast slik. Elevane skal skapa gode løysingar gjennom kreativitet og utforsking. Svaret står ikkje i sentrum, men tankeverksemda, aktivitet og eleven sjølv. Korleis denne verksemda skjer, kan delast opp i ulike syn på læringa. Individuelt syn på prosessen, eller i samspel med andre. Dei kan og definerast som kognitiv-konstruktivistisk og sosial-konstruktivistisk, med Piaget og Vygotsky i førarsetet.

Konstruktivismen legg vekt på det å bygge på føresetnadane til elevane. Piaget kalla det skjema, mens Bygotsky kalla det "den aktuelle sone". Slik støttar det opp under tilpassa opplæring. Har ein ikkje noko å ta tak i, eller å gå ut i frå, vil ein ikkje kunne kopla, og soleis ikkje vere i stand til å akkomodere, utvide si proksimale utviklingsone.

Konstruktivistane skyv ikkje frå seg sanninga heilt. Det er viktig å vite kva som er målet, og det er sentralt, med læraren som vegledar, å guide elevane i riktig retning. Er elevane på feil veg, må i alle læraren vurdere om det er pedagogisk riktig å fortsetje eller ikkje. Målet er å få elevane til å undrast. Når ein er kome til det punktet, er det berre for læraren, som Kaptein Sabeltann gjer, å styre skuta forsiktig og trygt framover - og seglar dei til farlege farvatn, møtar dei kanskje på nokre lumske haiar, men dei blir vel ein erfaring rikare likevel? Er det no eg skal skli over i piratsnakk knytta til empirisme? Nei, stopp...

5 kommentarer:

Anonym sa...

Interessant vinkling Anders. Men kor kjem Grusomme Gabriel inn? Kanskje det er eg som har denne rolla i dag? Eg lurer nemleg på kva du meiner med at dei ikke skyv frå seg sanninga heilt? I og med at i konstruktivistisk teori finnes ingen objektiv sanning. Slik eg tolker det er det ikkje snakk om noko sanning i denne retninga, ikkje noko sanning utanfor individet i alle fall. Individet byggjer sin eigen kunnskap og slik sett er det individet sjølv som sitter på sanninga. True or false...?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Vinklar ein dette mot matte vil du sjå poenget mitt betre. Det du seier vil me andre ord vere;

"Det er det same kva svaret blir, fordi det er er ideen og løysinga som tel"

Konstruktivistane, både i kognitiv og sosial forankring, legg vekt på aktiviteten og dei ulike metodane fram til svaret, men det at eleven når målet, er og viktig. Eg må presisera nok ein gong at det å konstruera kunnskap, går ut på at bruke sin eigen måte å kome fram til svaret, men ikkje å finne opp eit nytt svar. Er det fleire sanningar på ting, er jo dette ei anna sak igjen, men då krevst det igjen at svaret held seg innafor "fornuften", og at ein argumenterer for at tesen held mål.

Steinar sa...

Hei!

Mange omgrep i lufta her, eg må innrømme at eg ikkje klarar å følge alle resonnementa- blant anna fordi eg ikkje kjenner alle, f.eks referansane til Kaptein Sabeltann:-) Men det at eg ikkje kjenner desse er faktisk eit poeng i seg sjølv. Kvifor?

Dernest må du få tydelegare fram kva som skil eit fenomenologisk og eit empiristisk syn på kunnskap. Her ligg det ein svært viktig skilnad som du ikkje har vore inne på i innlegget ditt.

Lisa sa...

Hei Anders,

Jeg leste innlegget ditt med interesse, og jeg skjønner synet ditt på konstruktivismen, med henblikk på tankevirksomhet og mindre fokus på resultatene.

Men, der du skriver om den viten som går en hus forbi, der har jeg kanskje misforstått litt...
Jeg er i den tro at den viten som man ikke skjønner den er så langt borte at man ikke blott mister evnen til akkomodasjon, men at man ikke engang klarer at assimilere den, tar jeg feil?
At man ikke engang har et skjema som den kan knyttes mot? For selve læringen og tilegningen av ny kunnskap den oppstår jo idet assimilasjonen blir akkomodert, og selv om man ikke oppnår full tilegnelse, så har man jo uansett skjønt noe i arbeidet med at assimilerer det ukjente til et kjent skjema? Am I right?

Kort sagt, jeg tror at om du snakker russisk til meg, og det går meg rett hus forbi, så er det fordi jeg ikke har noe skjema å assimilere russisk til, men om jeg skjønner litt av det du sier, da klarer jeg å assimilerer, men ikke akkomodere denne russisk kunnskapen du prøver å formidle til meg, er du enig eller tar jeg feil, og er det dette du mener og?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Bare så det er sagt, en legger MYE vekt på resultat. Det er vekten på løsningen som skiller seg ut. En har fokus på elevene skal komme frem til en "fornuftig" løsning, men det er det kritisk tenkende, aktive individet som står i sentrum. Grunnideen er at finner en ut av noe selv, lærer en det bedre.

Du sier;" så har man jo uansett skjønt noe i arbeidet med at assimilerer det ukjente til et kjent skjema?

Assimilasjon tolker jeg som at en møter på noe en kan identifisere de eksisterende skjema med. Møter en på noe en ikke har kjennskap til, eller som ikke stemmer med eksisterende skjema, men en gjøre følgende for å nå likevekt(ekvibrilasjon);


1) Forandre på eksisterende skjema slik at de passer inn med det en står ovenfor
2) En kan ikke justere eksisterende skjema, fordi problemet en prøver å forstå er "for langt borte", og en må lage nye skjema.

Både punkt 1 og 2, kalles for akkomodasjon. Det å tilpasse seg den nye kunnskap ved å lage nye skjema eller justere på eksisterende.