onsdag 1. oktober 2008

Mitt menneskesyn og pedagogiske grunnsyn - konklusjon

Etter å ha lest gjennom mine innlegg og diskutert med andre, fann eg ut at menneskesynet mitt ikkje er kome heilt tydleg fram. Eg vil og kome fram til ein betre konklusjon kor eg står i forhold til det pedagogiske grunnsynet. So, here we go!

Tenk viss eg hadde kome frå Island. Hadde eg kunne vald far sjølv, ville mitt navn vore noko slik som Anders Aristotelesson. Eg finn meg mykje igjen i hans tankar kring menneskesynet.
Eg meiner at vi kjem til verden som tomme vesen. Når eit barn kjem til verden har det ikkje vit relatert til noko. Det einaste dei veit er kva som er smerte, på grunn av korleis dei av skapt og at nervene seier noko er vondt. Alt som foregår utanfor det instinktive, altså kven vi "er" og blir, er totalt eine og aleine, eit resultat av påverknad. Miljøet er ein alfa-omega faktor som avgjer korleis vi blir. Lat oss lage eit betinga eksempel.

Ein gut frå sitt første åndrag lev i ondskap. Han blir slått, mishandla, snakka stygt til og har ingen referansar til kva som er godt. Eg meiner denne guten då vil bli ein valdeleg person, parallellt med dei omgivnadane han har vakse opp i. Fordi omgivnade her er eksakte, vil han òg bli eit eksakt produkt av det. Eg stiller meg mot humanistane her som seier at mennesket er godt. Det fins ikkje noko godt utgangspunkt, fordi mennesket har ikkje erfaringar som tilseier at dei veit kva det er, og fordi ein ikkje har eit godt utgangspunkt, vil dei heller ikkje vite kva godt er viss ein berre har levd i ondskap. Ein kan vidareføre denne hypotesen relatert til kontrastar generelt. Ein veit ikkje kva varmt er før ein har kjent kva kaldt er. Det same gjeld kjærleik kontra hat, lys og mørke. Soleis argumenterer eg for at mennesket er tomt, som i tabula rasa, og at resultatet er avhengig av kva tomrommet blir fylt med. Mennesket er nett som ein leirklump, den blir nett som ein vil, så lenge forutsetningane er der.

Desse kontrastane nemd over er alle knytta til det å ha erfart for å vite noko om kva det er. Soleis er det med begrepa i seg sjølv. Har ein ikkje lært kva mørke er, veit ein heller ikkje kva det er. Ikkje minst fordi ein ikkje kan begrepet, men òg fordi at ein då ikkje er stand til å stille "mørket" i kontrast, samanheng med "lyset". Individet har heilt sikkert opplevd av og til at alt bli meir og meir uklart, og til slutt ser ein ingenting. Men det blir umogleg å forholde seg til det, fordi ein ikkje er i stand til å setje det i samanheng til konteksten. Slik blir det alfa-omega det å vite og ikkje vite. Det underbyggjer vidare på dette med å forme leirklumpen. "Styre" det den skal lære, og deretter vite. Slik blir alle eit resultat av omgivnadane.

Så kjem ein til den meir realistiske vinklinga, men eg forlet ikkje min kultursentrerte måte å sjå ting på av den grunn. I samfunnet er det mange ting som påverker. Soleis vil det ikkje eksistere "eksakte" betingingar knytta til omgivnadane. Men miljøet er i like stor grad påverkande, berre at det kjem frå mange sider samstundes. Her blir det naturleg å dra Kant i i bildet. Han la vekt på dette med tolking av verda. Den verda vi opplev, gjennom "brillene" våre som set preg på tolkinga, kallar vi den fenomenuelle verda. Korleis vi ser er avhengig av kven vi er, kva erfaringar, haldningar og verdiar ein har vakse opp med. Miljøet vil med andre ord setje preg på oss og korleis vi faktisk ser det. Så kan ein vidareføre dette i læringsprosessen. Korleis tolker born det dei blir fortalt? Ser dei det same som læraren gjer? Dette underbyggjer vidare det eg legg vekt på. Vere obs på miljøet, omgivnadane og sosiale faktorar som set preg på mennesket.

For å setje det verkeleg på spissen vil eg skissera eit diskutabelt eksempel. Ta ein gut på 10 år, for eksempel. Tenk deg ein har maskinar til disposisjon som er i stand til å "scanne" menneske. Han får ein hjelm med mange elektriske trådar på hovudet sitt. Etter fem minutt har ein alle data knytta guten. Hans totale identitet.
Så har ein òg ei maskin som "scanner" erfaringar til disposisjon. Etter fem minutt med scanning veit ein no alle erfaringane guten har gjort i løpet av livet.
Samanlikner ein så identitet mot erfaringar vil ein etter mitt syn finne svar på alt, og at det er ein fullstendig samanheng.

Så var det mitt pedagogiske grunnsyn.
Eg legg vekt på det ytre, omgivnadane og miljøet som viktige faktorar for utvikling.
Eg meiner det skjer interessant steg i det "indre" i mennesket ved at ein gjer seg erfaringar. Mennesket er meir enn stimuli, respons.
Mennesket er ikkje godt i utgangspunktet, men kan bli forma til noko godt. Det er eit negativt menneskesyn i botnen, men positivt i det perspektiv av at ein er opptatt av å utvikle, forme mennesket til det betre.
Eg er opptatt av den totale livssituasjonen, knytta til det nemd over.
Eg tykkjer det er viktig å forstå korleis born tenkjer, korleis dei ser røynda, eller stoffet.
Eg trur på stimuli-respons, i form av straff og løning.

Slik som Steinar sa, eg trur neobehaviorisme krydra med humanisme er ei god setning. Tykkjer det er viktig å få med mitt menneskyn knytta til dette, slik som eg har vist her, at menneskesyn og pedagogisk grunnsyn heng saman. Tykkjer er eg kultursentrert, i stor grad faktisk, samstundes som tradisjonalismen pumpar litt i meg.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Mange trådar du trekkjer i, skal ærleg innrømme at eg ikkje klarer å følje alle eller sjå relevansen av dei, men ser at du avsluttar med å seie deg ening i mi "oppsummering av deg", så då er me i alle fall nokonlunde enige om grovfundamentet, noko som er eit godt utgangspunkt for å diskutere vidare!

Korleis stiller du deg til dei som meiner at Anders Aristotelesson har eit forelda syn?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Godt spørsmål, Steinar. Eg trur det ligg meir til grunn enn berre forelding.

Eg trur mykje av det eg står for, eller seier, er syn på røynda ein er redd å ta innover seg, sjølv om det faktisk er barkandes realistisk!

Og berre så det er sagt. Fordi eg gjev ein påstand om noko, eller gjev inntrykk for å ha observert/oppdaga no, og deler det med klassen, betyr det ikkje det det same som at eg støtter, eller fylgjer opp det eg seier.

Så om andre vil gi den faktiske realiteten vi lev eit forelde syn, greit, men då går dei glipp av mykje, meiner eg=)