torsdag 2. oktober 2008

Den didaktiske relasjonsmodellen


Kva er ein modell?
Det blir definert som ei forenkling av røynda, slik at ein enklare skal kunne sjå samanhengen mellom ulike faktorar og planlegge undervisning deretter. Planlegging er ein viktig prosess. Den gjev oss ei oversikt over økta vi skal gjere. Kva som er målet, korleis vi skal gjere det og kvifor. Ved å planlegge fjerner ein usikkerheit, og soleis får ein større tryggleik på det ein skal gjennomføre. Ein trygg og rolig lærar gjer eit betre arbeid enn ein stressa lærar. Eg tykkjer det er viktig å legge vekt på planlegging, spesielt no i starten, slik at ein vert bevisst på dei ulike elementa knytta til arbeid før undervisning, og at ein jobber mot det å få det internalisert. Etter kvart vil ein bruke mindre tid på å planlegge, fordi ein er kjend med stoffet, elevane, læreplanen, rammefaktorar etc. Er ein usikker på nokre av desse derimot, eller er mindre kjend med slike faktorar, blir planlegging viktig for å utføre god undervisning. Dette gjeld spesielt oss studentar, der mange av oss er heilt nye for yrket.


I praksis skal vi forholde oss til "den didaktiske relasjonsmodellen". Vi skal bruke denne modellen måten å planlegge øktene på i praksisperioden. Det som kjenneteikner den er seks domene* som forholder seg til kvarandre på alle måtar. Difor heiter det relasjonsmodellen. Alle er i relasjon til kvarandre. Konsekvensane av denne måten å stille det opp på er at ingen er overordna. På andre sida er det heller ingen underordna. Samstundes vil relasjonsforholdet skape ein "wheels within wheels"-konsekvens. Endrar ein på noko, får det utslag i dei andre domena.

Eg meiner denne modellen er sårbar på dette punktet. Den har rett der relasjonane er sterke, som for eksempel "innhald" og "mål". Vi kan tenke oss ein time der Steinar fortel om sitt liv på Bømlo, istadanfor å forholde seg til målet, som var å lære om den didaktisk relasjonsmodellen. Då sviktar innhaldsbiten, og fordi mål står i sterk relasjon til innhaldet, vil det få konsekvensar. Ein lærer ingenting. Angrip ein dei svakare relasjonane derimot, vil ein finne ut at brot i dei ikkje nødvendigvis vil føre til ein merkbar konsekvens. Eit eksempel: Ein norsk skuleklasse skal lære om skorpionar. Ein treng ikkje ha skorpionar liggjande i skogen utanfor for å lære om dei. Ein kan finne ut om dei i bøker, data osv. Innhaldet er veldig sjølvstendig, og treng ikkje vere avhengig av rammefaktorane. Eg kan bite meg sjølv i halen og seie at konsekvensen i seg sjølv var jo at ein må sjå på dei i bøker, og at rammefaktoren, det at det ikkje var skorpionar utanfor, resulterte i ein konsekvens at ein ikkje kunne sjå dei på verkeleg. Men det er vel eigentleg å berre ro rundt grauten...
Men, skal vi vere snille på kva som eigentleg er konsekvens, så ja, då står "wheels within wheels til sin rett."

Den didaktiske relasjonsmodellen har ein viktig poeng, og det er samanhengen. Det er mange faktorar som speler inn på undervisninga, og at det å ha oversikt over relasjonane knytta til domena, vil etterkvart bli internalisert slik at læraren naturleg legg opp hensiktsmessig og god undervisning.

*Domene, henta frå FFM modellen, som betyr "store trekk", "faktorar" relatert til noko.

4 kommentarer:

Sissel sa...

Hei Anders!
Først av alt så synes jeg bloggen din er veldig fin. Du har mange gode refleksjoner og tanker.

Jeg synes forklaringen din angående relasjonsmodellen er godt skrevet. Jeg er veldig enig at modellen er god når det kommer til å se at alt henger sammen, men samtidig kan være sårbar slik du skriver.
Du skriver også at vi i praksis ”skal forholde oss til den didaktiske relasjonsmodellen” og med det forstår jeg at du kanskje mener en annen planleggingsmodell er bedre egnet? Hvis det er tilfellet, hvilken har du da i tankene?
På den praksisskolen jeg er på forholder de fleste seg til ”Diamanten” og den er selve fundamentet for deres planlegging av undervisningen. Fikk du det samme intrykket etter punktmetodikkurset og praksis på din skole?

Steinar sa...

Takk for godt innspel frå Sissel, der fekk du noko å tenkje på, og det er bra!

Elles så skriv du om "svake" og "sterke" relasjonar. Modellen innheld i utgangspunktet ingen slike gradsforskjellar, men det er ein interessant tanke du kastar fram. Kan du utdjupe kva du meiner med det?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Du tenkjer riktig, Sissel. Det var min tanke, faktisk=) Eg tykkjer den andre planleggingsmodellen er betre egna, men det er mi meining. Slik eg meinte det med den DRM-modellen, var å bruke den meir som eit verkty kopla opp mot vurdering.

Veit ikkje heilt kva eg skal seie til deg Steinar. Ser du nøye etter i innlegget så legg eg og inn ein kontra på påstanden min, dette der "wheels withing wheels" effekten vart min overmann.

Eg forklarte og at modellane som er skapt, er perfekte for sin intensjon, kopla opp mot tid og rom. Dei er skapte i perioden der det var naudsynt å skape ein modell i forhold til verdiane som var til einkvar tid.

Samstundes kan eg innrømma eg sat det kanskje litt på spissen. Skorpionseksempelet mitt var vel ikkje all verden, og eg forholder meg retten til å trekkje tilbake utsagnet.

Kanskje eg ser modellen som litt for komplisert. For mange faktorar som skal ha ein samanheng og påverke kvarandre. Skulle ikkje modellar vere ei forenkling av røynda?

Steinar sa...

Jo, modellar skal vere forenklingar og poengteringar!