torsdag 23. oktober 2008

Behavioristiske småtriks

Behaviorismen er eit must i skulekvardagen. Borna treng reglar og grenser. Dei treng nokon som kjeftar og seier i frå, av og til. Born blir motiverte av forskjellige typar belønning. Eksempel på hendingar relatert til behaviorismen er ein del av skulekvardagen. Eg listar no opp forskjellige eksempel på behaviorististe metodar ein kan ta i bruk.


1)
-Ole likar å lese bok, spesielt når har blir lest for. Dette kan ein utnytte ved å seie; "Blir ikkje noko lesing på deg oppfører du deg ikkje!" Eller; " Kvifor skal eg lese for deg når du er så uroleg?"

Det å utnytte interessene til elevane er vitalt. Setter ein kompromiss i forhold til noko dei ikkje likar eller er fengja av, vil denne metoden få liten effekt. Då vil ein kanskje få svaret; "Ja greitt, eg hater det der likevel. Gjer meg ingenting!" Det å ta vekk noko dei likar er nøkkelen.

2)
- Kari plar å vere uroleg. Det hjelp sjeldan å gje ho beskjed om å roe seg. Då kan ein seie; " Når du er så uroleg, trur du Petter og Tine, som er venene dine, klarar å jobbe skikkeleg?"

Her speler ein på samvitet. Ein gjev eleven eit bilete om at den urolege haldninga faktisk har ein konsekvens utover det at berre læraren vert forstyrra.

3)
Ein kan seie til klassen ;" Sit dykk rolig denne timen, kan det hende dykk får tidligare friminutt.

Her bli ein ytre belønning presentert, og elevane veit kva dei må gjere for å få belønninga.

4)
Elevar jobbar med oppgåver. Ein seier ;" Hugs at oppgåvene dykk ikkje får gjort, blir lekse til fredag!"

Her presenterer ein ei straff som baserer seg på kor godt dei jobbar. God jobbing, ingen lekse. Litt jobbing, litt lekse. Ingen jobbing, mykje lekse.

Slike småtriks og metodar, er noko ein lærer etterkvart, meiner eg -og at det å kunne beherska behavioristiske småtriks vil kunne gjere dagen betre, både for elevar og lærarar.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Hei!

Her har du omsett behaviorisme i praksis, og det er flott!

Døma dine er også realistiske og kvardagslege, alle kan kjenne seg igjen i desse.

Alltid kjekt og nyttig å sjå praktiske døme- for det er jo dette det til sist handlar om i klasserommet!

idar sin blogg sa...

Eg må sei meg heilt enig i at behaviorismen er eit must i skulekvardagen.
Utan behavioristiske metodar hadde det blitt lite orden rundt om i klasseromma.

Du listar opp eit par gode dømer, som kan være til gode nytte ute i arbeidslivet.
det er veldig viktig at elevane lærer seg at handlingane ein gjer får konsekvensar. Og det er sant det du seier at det kan gjere dagen betre for oss som lærarar.

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Takk for komm!

J0namann sa...

Leste eksempel 1 og trodde at hele greia var en spøk. Lo litt faktisk. Så innså jeg at du var seriøs. Da var det ikke så morsomt lenger. Synes det er lav moral å true elever. For det er du gjør når du sier: "hvis du ikke oppfører deg blir det ikke noe lesing på deg!"

Snu på det, "når du er ferdig med oppgavene kan vi lese".
Vet ikke hvor gamle elevene dine er, men det er ikke alltid like lett å vite hva å oppføre seg betyr. I ditt tilfelle betyr det kanskje å gjøre som du sier? Å følge dine ordrer?

Husk at elevene er likeverdige mennesker. Liker du det hvis kona di sier: "Hvis du ikke oppfører deg blir det ingen sex i kveld!"

Å true andre mennesker er patetisk. Og den kommentaren: Ja hurra dette gir oss lærere en bedre hverdag... Tenk heller på hva som kan elevene en bedre hverdag.