torsdag 23. april 2009

Sosialisering og oppdraging

Då var det kome til siste blogginnlegget før sumaren, men det er enno ikkje for seint til å eksperimentere. Til høgre har eg lista opp mål eg har satt meg for vekas innlegg, og eg ynskjer at eventuelle kommentarar blir knytt opp mot desse. Vekas innlegg skal handle om den formelle delen av sosialiseringa. God lesing! =)


Formell sosialisering

Dette begrepet inneber faktorar rundt eit barn som har mandat til oppdraging. Foreldre og skule er eksempel på dette. Primæransvaret ligg hos foreldra, mens skulen fungerer som ein hjelpar som skal samarbeide med dei. Difor er det sentralt at dette samarbeidet fungerer, slik at begge instansane, både skulen og foreldra, har eit realistisk og riktig bilde av eleven sin livssituasjon. Den totale livssituasjonen, som tek for seg dei fysiske, psykiske og sosiale sidene ved eit individ, knyter eg til Bronfenbrenner sin "wheels within wheels" -teori. Ein vert påverka heile tida av det ein omgjev seg i, enten det er på mikro eller makro nivå osv, og for at både foreldre og skule skal få eit riktig bilete av korleis desse nivåa er med og påverker, bør det utviklast eit produktivt og profesjonelt samarbeid mellom skule og foreldre. Foreldrene ser ikkje korleis barnet oppfører seg på skulen, og skulen kan heller ikkje vite noko om forholda heime med mindre ein kommuniserer. Det å få til ein god dialog mellom desse instansane, meiner eg kan vere med på å skape tryggare rammer rundt den eller dei det gjeld - og i forhold til Imsen (2005) , der det vert skissert at påverknaden i tidleg alder er sterk, bør foreldre og skule samarbeide best mogleg for å leggje best til rette for eleven. Etterkvart som eleven veks opp, vil foreldre og skule ha mindre "oppdragelseseffekt" enn før, og ein kan seie ein knyter seg meir mot den generelle referanseramma (Imsen 2005), vener, "folk flest", skrivne og uskrivne reglar i miløjet ein omgjev seg i. Difor er det sentralt at eleven får absorbert gode verdiar, haldningar og fornuftsgrunnlag frå barndomen.

Løgner og pynting på røynda


Eg trur det er mange foreldre som ikkje fortel alt om barnet sitt til skulen, og slik vert det vanskelegare for lærarane i forhold til det å leggje mest mogleg til rette for eleven. Samstundes kan foreldre seie at dei gjev hjelp til leksene, mens dei i røynda ikkje gjev seg tid til dette. Tiltak som leksehjelp svinn bort av dette, og slik tener det mot barnet sitt beste. Kanskje dei foreldre som kjem under denne kategorien gjer dette fordi dei skammar seg over sitt faglege stende, eller er redde for å innrømme sin feil? Det er i alle fall noko vi alle heilt sikkert har gjort eller opplevd sjølve. I mitt syn så kan vi alle gjere feil, og foreldre tener ingenting på illusjonen om at dei skal vere perfekte. Det kan godt hende at foreldre ikkje har noko skyld i barnet si problematferd. Vener og andre sosiale krinsar, samt media er med og påverker.


Mamma i Fitjar og pappa på Vikjo

25000 born opplever årleg samlivsbrudd (Westrheim, 2009). Slike brudd er ei påkjenning for borna. Dei kan oppleve krangling og konfliktar mellom mor og far. Depresjon og aggresjon er nokre tilstandar som kan oppstå hos foreldra, og dette kan smitte over på borna seinare, spesielt hos jenter. Sidan mor og far ikkje bur saman, kan vere fare for at dei formidler ulike ideal, eller oppdrar barnet på kvar sin måte. Dette betyr at ein vert skyvd på mellom to verder, og det vil i mange tilfelle vere vanskeleg for barnet å finne stabilitet i livet. Eg trur absolutt at mange av borna som har atskilde foreldre, har gode oppvekstvilkår og samarbeid mellom foreldra, og eg har fullstendig tru på at atskilde foreldre har mogleik til å oppdra barnet like godt som alle andre - men mitt poeng er berre å skissere eventuelle problem som kan oppstå av denne livssituasjonen. Difor er sentralt at foreldra, sjølv om dei kan vere usamde, handlar i forhold til barnet sitt beste og lukar ut uheldige påverknadsmoment. Det å få borna til å innsjå at foreldra har ein god tone sjølv om dei lev frå kvarandre, trur eg er svært sentralt. Samstundes vil eit godt samarbeid hjelpe til med å danne like ideal i heimane.


Foreldre i utvikling
Ingrid Worning Berglyd (2003), legg fram ei utvikling der dagens foreldre er betre utdanna enn før. Foreldre som sjølv har gått tolv år i skulen var vane med å ha sine eigne meiningar, og dei lærte ulike diskusjons- og taleteknikkar som foreldregruppa før dei ikkje kunne. Når dei no som foreldre møter skulen, tek dei med seg dette og stiller høgare krav til skulen enn før og til borna som skal lære, seier Berglyd. Ho seier vidare at dette er noko ein kan sjå positivt på, fordi ein kan få involvert foreldra i skulen si tenkning og form. Eg tykkjer er sentralt å skape gode relasjonar mellom heim og skule, men dette er ikkje noko enkel sak sidan foreldrelandskapet inneheld ei fargerik blanding av personlegheitar. Berglyd (2003), meiner det kan vere av verdi å ha ein oversikt over kva foreldretypar ein må forholde seg til.
Dei hjelpsomme, positive og ressurssterke foreldra
Det å vere ressursterk i denne samanhengen er ikkje knytta til økonomi, men i forhold til foreldre som bruker dei talenta dei har, til det beste for felleskapet. Berglyd (2003), meiner det er viktig å involvere ressursterke foreldre. Denne typen foreldre er ofte dei som har god kjennskap til nærmiljøet, og som har evne til samarbeid og diskurs i kommunikasjonen. Sjølv om læraren er den som generelt skal "ordne" opp, legg ho fram at dei ressurssterke foreldre kan vere med å løyse opp floker, fungere som katalysatorar for å få andre foreldre på banen. Berglyd advarar likevel med å belaste foreldre for mykje, for då kan dei ofte gå lei av å alltid vere blant dei som tek det tyngste lasset. Dette er ein balanse som læraren må ta hensyn til, og Berglyd påpeikar at eit godt samarbeidsklima er avhengig av god arbeidsfordeling.
Dei krevande og kritiske foreldra
Mange foreldre stiller urealistiske krav til skulen. Desse foreldre kan ofte ha eit prestisjefylt arbeid, eller vere godt utdanna. Berglyd (2003), legg fram at mange i denne gruppa plar å vere meir interessert i faglege resultat enn den sosiale situasjonen på skulen. Problem som oppstår hos eleven vert ofte plasserte hos læraren eller klassekameraten, og ikkje i relasjonen foreldre-elev, der løysinga kanskje ligg. Berglyd skisserer at kommunikasjonen mellom foreldre og skule kan vere vanskeleg, der foreldra seier at skulen må ordne opp sjølv, at skulen ikkje er dyktig nok, eller at problemet ligg andre stader. Situasjonen kan bli tilspissa vidare ifølgje Berglyd, der andre foreldre vert informert eller involvert, og det vert skapt eit press på samspelet og læringsmiljøet. Berglyd (2003), legg vekt på at eit godt og trygt læringsmiljø er betingelse for læring, og at foreldre har eit sentralt ansvar i å bidra til dette. Difor trur eg det vert viktig å kommunisere skikkeleg med foreldre, og ikkje minst skape eit realistisk bilde av skulen, der problem kan oppstå, mangel på ressursar etc.. -og at vi alle bør vere med og støtte opp under "klassetreet" som stadig veks, slik at det ikkje går i feil retning, og at vi held blada grøne så lenge som mogleg!
Dei usikre foreldra

Det vil alltid vere foreldre som har gått gjennom skulesystemet utan å ha fått den hjelpa dei hadde krav på. Det å vere dårleg til å lese, skrive og rekne, verker inn på sjølvkjensla. Foreldre i ein slik situasjon kan få problem med å forstå innhaldet i informasjonen skulen gjev. Dei har heller ikkje kapasitet til å hjelpe barnet med lekser eller oppgåver. Berglyd (2003), meiner det er sentralt å gå i dialog med foreldre i slike tilfelle, der ein forklarer korleis vekeplanen og arbeidsplanen fungerer. Ho legg vidare fram at mange av foreldrene i denne gruppa ikkje trur dei har noko å tilføre. Ein minnast eigen skulegong med lite glede, og det vert naturleg å bli fortvila om ein høyrer at barnet deira ikkje får tilstrekkeleg hjelp i sin skulesituasjon. I foreldresamtalar, der ein er i dialog med slike grupper, legg Berglyd fram at ein unngå å gå for mykje i dybden, der dette kan resultere i intime historiar frå foreldra sjølv, og ha forståelse for at dei kan vere nervøse, innadvendte og usikre. Berglyd (2003), skisserer eit viktig poeng der ein ikkje må forveksle det å vere usikker med manglande ressursar. Skulen har eit ansvar for å få foreldra til å yte sitt beste.

Dei ansvarslause foreldra

Nokre foreldre set sine behov føre barnet sine. Berglyd (2003), legg fram at dette er noko samfunnet må forholde seg til, der naudsynt hjelp må involverast i forhold til omfanget. Ho seier vidare at omsorgssvikt er noko som medføre alvorlege skader for barnet. Skulen har plikt til å melde i frå til barnevernet eller politiet om det fins mistanke om omsorgssvikt og mishandling, både psykisk og fysikk. Berglyd påpeikar at det i mange tilfelle er vanskelegare å ”avsløre” ressurssterke foreldre enn dei med lågare status. Dette kan ha samanheng med fordommar og dei sosiale skilnadane relatert til foreldretypane. Eg trur det vert viktig å sjå alle foreldre for kven dei er, og ikkje berre gjere seg opp ei meining på grunnlag av overflata. Om ein mistenkjer eit barn for å bli utsatt for omsorgssvikt eller mishandling, er det ein svært alvorleg sak, der det er ett fett om det er Rike Smarte Fredrik eller Fattig Shabby Oluf som er forelder.
Den formelle sosialialiseringa er svært viktig i tidlege år, der det primære nettverket fungerer som kjerna av påverknadskjelder. Eg tykkjer foreldre/elev/skule - aspektet er svært viktig, og det er sentralt at ein som lærar har perspektiv og kunnskap i forhold til dette. Samstundes støttar det opp under det holistiske synet eg har på pedagogikk, der alle sider ved eit individ må takast hensyn ved. Fysiske, psykiske og sosiale sider.


mandag 16. mars 2009

Leik og læring


I desse dagar gjev høgskulelektor Ann Britt Ervik og barneskulelærar Elna Dahle Kannelønning ut boka "Leik i norskfaget". På HSH sine sider legg dei fram at leik fremjer lesing, skriving og kommunikasjon. Samstundes er leiken med og stimulerer evne til samarbeid, spontanitet og konsentrasjon. Holistiske begrep som tryggleik, respekt, vennskap og tillit er òg noko som leiken ber med seg, meiner dei.

Mange kan oppfatte leik som "berre på løye"-aktivitetar, og at den berre passar for born. Begge desse hypotesane tykkjer eg er lite gjennomtenkte. Mange knyter læring til stoff og fakta, og slik vert det for mange vanskeleg å sjå nytteverdien av leik, knytta opp imot tradisjonelle undervisningsmåtar. Dette synet på læring er veldig statisk i mine auge, og ein gløymer å sjå elevane som menneske i utvikling.

Læring er dynamisk og holistisk, meiner eg, som inneber det at vi lærer alle noko kvar dag, enten det gjeld faglege, fysiske, sosiale og psykososiale sider ved mennesket. Det som er fordelen med leik, er at i motsetning til tradisjonell undervisning, rører leiken ved mykje meir av det som er "meg", for å dra ein parallell til Mead - og at leiken tilbyr ein større pakke av erfaring og læring enn vanleg undervisning. Store deler av det vi lærer gjennom livet, er basert på empiri, som vil seie at ein lærer gjennom å erfare. Gjennom leiken vert eleven kjend med seg sjølv og sine grenser, samstundes som ein gjer seg erfaringar saman med andre og den sosiale konteksten. Slik vert leik som metode med å utvikle identitet og tilhøyrsle.

Leiken finn sine røter innanfør progressivismen og det barnesentrerte synet. Empiriet i leiken kan knytast til Rousseau og Dewey, samt Mead. Eg meiner det er viktig å få med at leiken er borna sin arena. Då er dei på heimebane. I vanleg undervisning er det læraren som har fordelen. Tenkjer ein på fotball, ville det vore urettferdig om eit lag berre skulle fått heimekampar. Såleis er det med undervisninga. Vi må balansere og gje elevane mogleiken til heimebane av og til.

Ein treng ikkje ha leikbasert undervisning heile tida, og det er absolutt ikkje meininga heller, men eg tykkjer metoden kan nyttast til å skape variasjon i undervisninga, og i forhold til ulike didaktiske tilnærmingar, som for eksempel ved introduksjon ved nytt stoff etc.. Leik kan såleis nyttast som eit hjelpemiddel, eit reiskap eller støtte ved sida av vanleg undervisning. Frå dette perspektivet finn ein mange gode sosiokulturelle element implementert, og leiken er absolutt òg ein måte introdusere den norske kulturen på. Slik blir leiken med å skape identitet og tilhøyrsle til heimstaden, eller landet ein bur i.

I motsetning til idrett, byggjer leik mindre på fysiske forutsetningar. I leiken, generelt, er det fellesskapet, og det å ha det gøy i lag som er målet. Det vil seie at uansett fysiske forutsetnadar, kan ein leggje opp leik som legg til rette for mestring eller deltakelse, og ein kan sjå på leiken som ein arena som passar for alle. Eg tykkjer leiken står i kontrast til TPO i dette perspektivet- og leiken som metode for læring, kan vere ein mogleik til å inkludere alle, uansett nivå.

Eg trur mange vaksne har gløymd ut korleis det er å leike, eller at dei tykkjer det ikkje er passande. Slik tilfelle tykkjer eg er uheldig, sidan eg overtydd om at leikande vaksne vil skape sunnare og betre relasjonar til elevane. Samstundes trur eg at lærarar som vel å ha mykje leik, vil ha mykje igjen for det sjølv. Me har alle eit born i oss, og det bør vi nytte så ofte som mogleg.

Men, no er det stopp på skrivinga. Skal ut å leike røvar og politi! Hade på badet!

søndag 1. mars 2009

Vurdering for læring - av kunnskap

På fitjar sist helg traff eg på Sigbjørn Aarland, rektor ved Øvrebygda skule. Etter litt prat om fotball kom me innpå pedagogikken, spesifikt det nye prosjektet, vurdering for læring. Han var ikkje noko særleg imponert over dette prosjeket, men impliserte at det hadde ein viss verdi. Vidare sa han at det som dette prosjektet legger fokuset på allereie er noko som har hatt lang fartstid i skulen. Eg tykkjer tanken er god, men det er ingen garanti for at eit sjølvsagt fenomen let seg gjere i realiteten.

VFL- prosjektet har eit stort potensiale, men det kan vere uheldig om vurdering for læring tek over all form for vurdering.Framovermeldingar er bra, men nokre gongar tykkjer eg det er viktig å få ein "Bra jobba!", "Flott!" -kommentar, slik at vegen fram ikkje alltid verker uendeleg lang. Typiske kommentarar kopla til dette prosjektet, kan vere;

Lærar: "Bra dette, Ole! Du har fått taket på bokstaven A, men kan du prøve å lage den litt finare?"
Ole: " Finare? gjer eg den ikkje fint nok då?"
Lærar: "Å joda, du skriv fint du, men ein kan aldri skrive fint nok! Fortsett det gode arbeidet!"

Ole; " Lærar, eg har funne arealet av kvadratet! Svaret er 6cm i annen.
Lærar; " Du har riktig svar,men eg skal gi deg nok eit spørsmål! Kva viss arealet doblar seg, kor lange vert sidene då? Doblar dei seg, eller viss ikkje, forklar kvifor!"
Ole; ....alltid noko...


Feedback er eit viktig verkty i forhold til formativ vurdering, men som i Ole sitt eksempel, kan det endelause virvaret av framoverspørsmål føre til at vegen fram vert mykje større enn det den er. Eg tykkjer vi må balansere goda som dette prosjektet representerer,med motpolen. Vurdering av læring blir vurdert som antagonisten her, men i mitt syn vert begrepet utydleg. Læring er ein dynamisk prosess, noko som er i motion heile tida, difor passer ikkje - av læring noko godt i forhold til -for læring. Eg vil kalle det slik kognitivistane ville gjort ; Vurdering av kunnskap. Vi må balansere mellom det å vurdere for læring og vurdere kunnskap. Får ein berre feedback eller framovermelding, vil ein kanskje miste motivasjon fordi ein ikkje veit kor ein står. Er det berre vurdering av kunnskap, vert det vanskeleg å finne ut korleis ein skal gjere det betre. Difor vil eg foreslå ein slags symbiose for desse begrepa som den beste strategien. Me treng begge, og samstundes kan ikkje det eine klare seg utan det andre.

Denne tanken er òg implimentert i prosjektet, men er, i følgje meg, altfor nedtona.
Vurdering blir delt opp i

- Feed up, kva er målet? Kvar skal eg?
- Feed back, kvar er eg i forhold til målet? Korleis gjere eg det i min prosess mot målet?
- Feed forward, korleis skal eg kome til målet? Kva må endrast, gjerast vidare?

Det er viktig å sjå holistisk på dessa elementa, slik at forwardmeldinga ikkje får for stort trykk. Det er samstundes ei utfordring å implentementere alle desse punkta i vurderinga. Ein må og tenkje på kvoten av vurdering eleven må lese gjennom. Det er flott ein har blitt bevisst på dette med vurdering, men faren med all denne oppdelinga kan vere at vurderinga i mange tilfelle vert for omfattande. I så tilfelle må ein byrje å prioritere, eller variere ut i frå situasjon og person.

Det skal bli spanande å sjå i praksis korleis dette fungerer, og ikkje minst kva resultat det avler. Eg trur og meir fokus på formativ vurdering kan vere med å styrkje sjølvbiletet. Elevane føler dei vert sett, og at læraren bryr seg om alt det dei gjer av arbeid. Det er absolutt viktig.

torsdag 12. februar 2009

Motivasjon vs Ekvilibrium

Motivasjon eit viktig begrep, ikkje berre i samanhengar relatert til undervisning, men òg kopla til mennesket generelt. Denne forma for homeostase er avgjerande for alle valg vi tek i kvardagen, samt alle mål vi set oss. Mi oppfatting av motivasjon kan forklarast med Piaget termar. Eg ser motivasjon som ein tilstand der ein stiller seg i forhold til eit objekt. Nytter ein ekvilibrium som definisjon på likesæle, forklarer eg motivasjon i forhold til ubalanse. Stiller ein seg likegyldig i forhold til noko, har ein føttene i kvart sitt element. Soleis er ekvilibrium med på å definere grunnlaget for motivasjonen. Ein et fordi ein er sulten. Med andre ord, ein treng mat for å utlikne ubalansen i magesekken. Når ein er mett, har ein nådd sitt ekvilibrium igjen. Difor er motivasjonen for å ete lik null.

Frå dette synet, vil eg seie eg har eit syn på motivasjon nær Piaget sitt perspektiv, men eg vel å la motivasjonen forgreine seg frå likevektsprinsippet. Mi problemstilling, i forhold til slik eg ser motivasjon, er at når elevane er fornøgd, eller ikkje ser behov for å lære, er motivasjonen vekke. Då vil alt gå på autopilot, eller at ein gjer arbeidet spesifikt fordi ein må. Då vil ikkje eleven vere i stand til å verken tenkje kreativt eller danne eigarforhold til stoffet. Derfor ser eg det som naudsynt, at vi for einkvar pris, unngår at elevane når sitt ekvilibrium. Då kan ein herfrå trekkjer parallellar til den proksimale sone og forholdet assimilasjon-akkomodasjon.

Meistringsprosessen er ein utviklande og motiverande fase for elevane. Bandura sitt "self- efiicasy", er naudsynt relatert til fasen før elevane tek fatt på noko, spesifikt retta mot likevektsprinsippet.
Income expectations(ie) -Gjev ein signal til elevane om at dette er enkelt, eller overkommeleg, vil stimuliet i dei fleste tilfelle forhindre likesæla. Ein gjev elevane motivasjon i forhold til at dei vil meir enn dei ikkje vil.
Outcome expectations(oe) -Om kanskje ikkje i lik grad til IE, gjev signal om stoffet sin verdi og tyngde fyldige dosar med grunnar til kvifor ein skal ta fatt på noko.

Forventningane elevane har til å meistre, heng nøye saman med IE og OE, men eg vil òg leggje lupa på læraren si rolle.

Læreren tykkjer eg har ei avgjerande rolle i forhold til motivasjon, og soleis læringsutbyttet til elevane. Kjem ein inn i klasserommet og stråler av positivitet, vil dette verke inn på elevane. Derimot, kjem ein inn umotivert og daff, ser elevane dette med ein gong, og effekten vil smitte.
Då er det viktig at ein tenkjer på det å gå inn i ei rolle. Ein må kunne sjå seg sjølv utanfrå, og skape ein figur ein trur vil motivere. Lærarar nytter drama kvar dag, kanskje utan at dei veit det sjølv. Dei gode lærarane er bevisste på nettopp dette. Både i kommunikasjon lærar-elev og lærar-klasse.

Eg er no inne på det ein kallar attribusjonsteori. Denne teorien er først og fremst fokusert rundt suksess og nederlag relatert til oppgåver og vurdering, men eg ser dette som mykje breiare. Det at læraren ser kvar og ein kan vere ein suksess i seg sjølv. Klarer læraren å utvikle sjølvstende og sjølvbilete hos elevane, vil dei kunne tolke arbeidet sitt sunnast mogleg. For å kunne oppnå dette, må læraren vere meir enn ein didaktiker. Han må kunne sjå elevane som objekt og subjekt, slik at han kan få oversikt over faglige, psykososiale og sosiale aspekt. Ein må kjenne elevane sine, ikkje berre fagleg, men korleis dei står sosialt i forhold til sosiogrammet og den totale livssituasjonen. Kjem ein til det punktet, er det mogleg å setje gode forventningar til kvar og ein, slik at dei bli motiverte til å ta fatt på arbeidet.

Det å skape ein klasse kompilert av individ med gode attribusjonar, er ikkje berre ein viktig sak, men òg noko eg trur skulen har fokusert for lite på. Tolkar elevar suksess og nederlag feil, kan ein definere både arbeidet til lærar og elev mislukka. Ein må leggje vekt på det å dyrke sjølvbilete, samt oppfattinga av at det å vere flink, eller gjere det bra faglig, er noko som er bra.

Då kan vi knytta delar av motivasjonen til kulturen vår. Jantelova, skulekodane, og normene som i fleire tilfelle bremser flinke elevar, og lysta til å bli flink. Det sosiokulturelle synet har derfor mange utfordringar å ta høgde for.

Det å kjenne elevane har vore nemd knytta til forhold relatert til den signifikante andre. Då er me innpå den delen av attrubusjonen som involverer sjølvstende og sjølvbilete. Det å kjenne elevane fagleg har sterk samanheng med TPO, og den delen av attribusjonen som inneheld prestasjonsmotivasjon. Alle er forskjellige, og treng oppgåver differensiert ut i frå evner og fagleg styrke, slik at dei får oppleve meistring.

Motivasjon meiner eg er grunnleggjande for at elevane skal få eit eigarforhold til stoffet sitt. Det er opp til oss, lærarane, og leggje til rette for fagleg og sosial trivsel i klasserommet. Vi må kunne kjenne kvar og ein slik at vi kan leggje til rette, samt kunne gi utfordringar slik at kvar og ein får noko å strekke seg etter. Ein må vere bevisst på at den totale livssituasjonen speler ei rolle i
homoeostasen til kvar enkelt, slik at ein kan løyse eventuelle knutar som ikkje let seg løyse med fagleg dybde.

Ein må streve mot å utvikle elevane sine attribusjonar, slik at dei takler suksess og nederlag på ein sunn måte. Dette kan påverkast av læraren som rollemodell og motivator. Læraren, som den signifikante andre, vil nå fram til elevane - og kjenner læraren elevane godt nok, vil den signifikante kommunikasjonen oppstå- og oppstår den, vil variablane knytta til attribusjon bli langt færre. Slik vil vi ha det.

torsdag 29. januar 2009

Konstruksjon og design

Fleire veker med intens jobbing er ferdig, og eg kan sjå tilbake på eit flott og givande prosjekt. Studentane på Sagvåg skule har jobba tett saman i to veker, og eg føler eg har blitt betre kjend med kvar og ein. Me har stått saman jevnt og trutt, og sjølv då alt såg mørkast ut, klamra me oss fast til håpet om betre tider. Ein slik allusjon kan verke litt påklistra ut, men den understreker eit viktig poeng knytt til prosjektarbeid. Samarbeid er ikkje berre ein dans på roser. Slik er røynda, og ein vert ikkje betre utan å øve på det. Retter ein kikkerten mot den moderne skulen, og lærarteama generelt, ser ein at slike prosjekt ikkje berre er god øving for dei involverte, men òg arbeidsmetoden eksplisitt, er ei spegling av slik me kjem til å jobbe som lærarar.

Oppdrag 1

”Studentene på Sagvåg skole skal arbeide med Lego Mindstorm og First Lego League. De skal lære hva det går ut på, og hvordan det brukes i grunnskolen”

På Fredag9. Januar, fekk me installert Lego Mindstorm på maskinane våre, eit program ein måtte ha for å kunne programmere robotane ein nyttar i FLL. Dette programmet var veldig brukarvenleg, og det tok ikkje lange tida før ein fekk det i blodet. Trist nok fekk ikkje alle mogleik til å nytte roboten tilstrekkeleg, sidan seks robotar blei til to. Såleis stod seks personar rundt ein robot som ikkje hadde plass til meir enn to hender. Dette førte til at nokre tok eit skikkeleg skippertak rundt det som involverte programmering, mens andre brukte arbeidslysta sin på å lese reglar, ordne fagtekst etc.Slik fekk dei ulike partane i gruppa spesialisert seg på sine områder, men ein kan stilla seg spørsmålet om studentane kom frå oppdrag 1 med eit allsidig erfaringsgrunnlag.

Sjølv om arbeidsoppgåvene var noko oppdelt, tykkjer eg samarbeidet etterkvart gjekk veldig bra. Gode innspel, humor, og jobbing på tvers av gruppene, er noko som kom som eit resultat av eit sunt arbeidsmiljø. Innan tors. 15/01, hadde me blitt ferdige med programmeringa, og det var klart for konkurranse studentane imellom. Det var noko av det mest spanande og nervepirrande eg har oppleve. Verre blei det heller ikkje av at heile mellomsteget, pluss fjerde klasse, kom og laga liv på tribunen. Det var rigga opp ein ”tv” på veggen, slik at dei som ikkje såg konkurransebordet skikkeleg, kunne få det med seg derifrå. Samstundes som dette var ei fin erfaring for oss, trur eg at tilskodarane som ikkje har vore med på FLL før, fekk ein inspirerande og realistisk dose av kva som skjer på Lego League arrangement. Team ”Nuddår” gjekk av med sigeren, der dei viste at det å tenkje enkelt og effektivt, ofte er det beste. Team Rocket hadde laga ein høgteknologisk robot, men som viste seg å ha fleire ulemper enn fordelar.


Oppdrag 2 , multimodal presentasjon

Sjølv om me var to grupper under prosjektarbeidet på Sagvåg skule, blei me einige om å slå oss saman. Dette hang saman med at me jobba kontinuerleg saman på tvers av gruppene. Sjølv om me var to grupper, jobba me som ei. Som nemd overfor, hadde me berre to robotar, og alle hadde generelt noko dei spesialiserte seg på. Dette viste seg igjen i den multimodale presentasjonen, der dei som jobba mest med robotane, laga manualar eller undervisningsopplegg knytt til det. Dei som var domarar, eller som jobba med teori under arbeidsprosessen, tok på seg oppgåva med fagtekst etc. I forhold til mangfaldet og antalet personar på gruppa, tykkjer eg presentasjonen gjekk flott.

Tilbakemeldingane var stort sett bra, med unntak av nokon som tykte tida var for dårleg disponert, og at Vygotsky blei for sentral i presentasjonen.

Dei andre gruppene hadde mange fine presentasjonar. Ein flott måte å få med seg kva dei hadde gjort på. Eg trur me alle vart noko klokare på bruer i alle fall.

Framtidas skule var ei interessant problemstilling, men eg trur heile ideen verka litt motsett på meg. Sjølv kor mykje ressursar ein hadde hatt tilgjengeleg, trur eg ikkje eg hadde brukt noko veldig mykje meir enn det som er naudsynt. Idealet mitt av skulen baserer seg på verdiar som står imot kjøpesamfunnet og det egosentriske. Verdiar og haldningar er grunnmuren i skulen. Badebasseng, golfbane og dyrepark i hagen, ligg ikkje berre i framtida for min del, men òg innanfor det eg ser som utenkjeleg. Sjølvsagt skal borna har undervisning i trygge og gode rom, men alt med måte.
Etter kvar gruppe hadde presentert, var det lyttarane si oppgåve å kommentere framføringa. Her var det mange gode innspel og diskusjonar, men faglærar meiner me fortsatt har ein del å hente på denne delen. Det å gje tilbakemelding, framovermelde, tenke adressativt.


Oppdrag 3

”Undervisningopplegget skal gjennomføres på praksisskolen 29. Januar. Opplegget skal planlegges ut i fra den didaktiske relasjonsmodellen, og utgangspunktet vil være prosjektet og produktet studentene har arbeidet med”.

Undervisningsopplegget skulle basere seg på det me hadde jobba med, men det sa seg sjølv at ein ikkje kunne ha seksti elevar rundt to lego bord. Derfor måtte me finne andre aktivitetar som hadde ein raud tråd i forhold konstruksjon og design. Den endelege avgjersla enda i tre aktivitetar. Byggje hus, tårn og programmere robot. Tjue elevar på Lego League var framleis for mykje, så me delte stasjonen i to, der eine gruppa var på programmering, mens den andre gruppa hadde om fornybar energi med Kjersti og Lasse. Oppdraget elevane skulle gjere på FLL basen var å køyre over tre karbonkuler på bordet. Matematiske element knytt til denne basen gjekk på det å kunne berekne, visualisere og vurdere. Ved programmering av sving var det fleire som såg parallellen mellom rotasjonar på hjulet og kor mange grader hjulet ville svinge. Kjem tilbake til dette under refleksjon.Dagen gjekk knirkefritt, og etter evaluering med praksislærarane satt dei òg igjen med same inntrykket. ”Vel blåst”, sa dei.

Refleksjon
Organisering // Struktur // Ressursar // Mål // Plan // Læringsteori

Prosjektet var for mange noko diffust i starten. Eg lurte på kva som stod i sentrum, kva for mål ein skulle setje seg. Eg tykkjer faglærarane var noko utydelege i innleiinga på prosjektet, og sjølv om det kanskje var ei hensikt bak det, bør ein likevel vurdere om det er ein smart måte å innleie eit prosjekt på. Eg skjønar poenget med den induktive haldninga, men som eg fastheld ved – ein kan modifisere på begrepet og gi det ein deduktiv vri. Nokre rammer er betre enn ingen. Ein vil ikkje miste den induktive stilen av den grunn...

Praksisdagen synte mykje flott samarbeid. Elevane kom med gode idear og forslag, samt gode argument av og til. Eg meiner alle gruppene klarte oppdraget sitt. Dette seier meg ikkje berre at arbeidsprosessen og kommunikasjonen var god, men oppdraget i seg sjølv var passeleg utfordrande i både kvantitet og vanskegrad.

Sist eg var i praksis og gjennomførte ei induktiv økt i matematikk, var eg kanskje var litt vel medverkande. Eg prøvde å vere meir passiv i dag, og lukkast til dels med det, men i forhold til tida eg hadde til disposisjon, måtte eg innleie i aksiomatisk form. Eg såg det som naudsynt at dei lærte om Mindstorm og kva oppdraget deira skulle gå ut på. Sjølve programmeringa og verdiane dei putta inn gjorde dei heilt sjølve. Eg tykkjer ein må kunne trekkje inn isoglossar i det pedagogiske grunnsynet, slik at tid og formål, og ikkje minst mål, blir streva mot. Mest prøvde eg å fungere som mediator og passiv figur, men der eg såg det var naudsynt, tok eg tak i roret sjølv og fekk skipet på riktig kurs.



På eine gruppa eg hadde, var det ei jente frå Somalia. Ho stod ikkje på listene, så eg meiner ho var heilt ny på skulen. Då det var hennar tur på programmeringa, verka det som om ho ikkje visste kva ei datamaskin var. Då ho fekk til å bevege litt på musa, byrja ho å smile. Ho hadde klart å mestre noko som var heilt ukjend for ho. Eg passa på at språket mitt alltid var så lett som mogleg. Samstundes hjelpte resten av gruppa til og viste. Fleire av dei synte dugleik til desentrering, slik at det blei lettare for ho å forstå. Dette er eit godt eksempel på verdien av adressivitet, smelta inn i ei kjerne av dialog og samarbeid i ei sosiokurell setting. Ei setting som inkluderer og motiverer til mestring og deltaking.

Når elevane hadde kome til steget der dei måtte svinge roboten sin, spurte eg ; ”Kor mykje må roboten svinge no tru?” Eg forventa svar i form av rotasjonar, men så kom det plutseleg – ”360 grader!” Det eg ikkje visste var at dei nettopp hadde hatt om dette i matematikken. Dei brukte altså kunnskapen sin i praktisk setting. Kunnskapen dei hadde om grader og vinklar hadde blitt operativ.

Robotane våre skulle vere i seks kopiar, men kom berre i to. Ein slik mangel på ressursar gjev konsekvensar ikkje berre for læringsutbytet, men òg for gruppeinndelinga og arbeidsprosessen. Dette førte til at det var fleire som ikkje lærte seg å programmere. Forholda låg ikkje til rette for at alle kunne lære seg det. Rammefaktorane speler ei viktig rolle i alt arbeid og undervisning.

Når det gjeld den multimodale presentasjonen, vil eg leggje lupa mi under det som går på å gi tilbakemeldingar. Eg tykte eg hadde relevant ord å kome med, ikkje berre fordi det var argumentasjon som støtta dei, men òg fordi at fleire enn meg hadde notert seg det same. Eg konkluderer med det at eg treff hovudet på spikeren som oftast, men som ein må huske på - det er kor hardt du treff som gjelder. Eg ser dette som eit viktig tema ikkje berre fordi eg tykkjer det er viktig, men òg fordi det er knyta til prosjektet– vurdering for læring, noko me blir ein viktig del av i komande praksisperiode.

Eg sit igjen med ei kjensle av at pedagogikken ikkje er kopla godt nok inn i dette prosjektet. Pratar me nok om kvifor me tek valga våre? Idealet, filosofien, kva for røter og grunnsyn som har mest relevans innanfor eit slikt prosjekt? Prosjekt som arbeidsmåte, kva pedagogikk ligg bak dette begrepet? Mål for matematikk, design, knust og handverk og digital kompetanse. Kva pedagogikk lurer seg bak formuleringane i Kunnskapsløftet? Gløymer ein å stille seg slik spørsmål, vert ein aldri kontinuerleg bevisst på pedagogikken, og didaktikken, grunnlaget for å kunne reflektere over si eiga undervisning, svinn bort.

søndag 21. desember 2008

Blogging

Så var det slutten på det første halvåret, og det siste blogginnlegget skal skrives. På en måte trist, men på en annen måte en fin mulighet til å sette strek over en flott sesong. Bloggingen så jeg på mange måter som et verktøy til å utfolde meg, samt utfordre meg i forhold til stoffet vi jobbet med. Det vil si at bloggen i seg selv er verktøy for eksternalisering, som er grunnlaget for assimilasjonen. På en annen side har jeg prøvd å tatt noen ekstra steg, som det å ta fatt på nytt stoff, der dette var ukjent stoff en selv måtte fordype seg i. Dette innbærer da at bloggingen ikke bare har gitt meg muligheter for eksternalisering, men metoden som studieteknikk kan også implementeres.

Så har en det sosiale aspektet. Etter en har skrevet sine innlegg, må en minst kommentere ett innlegg. Denne kommentaren skal inneholde elementer knyttet til framovermeldinger, der en stiller seg kritisk og undrende over andre sitt stoff. Under denne prosessen blir ikke bare ens eget perspektiv på kunnskap bearbeidet, men formidlingen som en separat ferdighet blir også utviklet parallelt. Samtidig må en tenke på hvem en skriver til, og hvordan andre kan oppfatte det en kommenterer. På den andre siden er læreren med og bidrar, og fungerer som en mediator i "bloggsamfunnet" vi er i. Slik blir bloggingen sett i et sosialt perspektiv et internaliserende middel, samt et språklig verktøy som glir over i pedagogiske horisonter.

Da kan jeg komme med følgende konklusjoner om bloggingen.

- Den har en sosiokulturell vinkling(tatt i betraktning at lærer en med og kommenterer), samt inngår som et redskap, og vi lærer av hverandre(stå på andres skuldrer)
- Motiverende, utforskende og utfordrende
- Profesjonsrettet, hvilket innebærer det å kommentere, argumentere, formulere og lytte, blandet inn i et sosialt aspekt

Bloggingen har de felles utfordrende elementer sosiokulturelle settinger generelt knyttes til. Aktørene i samspillet er alfa omega, og det er ikke bare dem selv, men også kravene til enhver, reglene en skal forholde seg til, som må være tilstedes for at samspillet skal få full effekt. Kravene til bloggingen har ikke vært noe høye i det hele tatt, og det er vel slik det skal være i en slik startfase. Jeg håper likevel at med tiden, vil hver og en av oss bli flinkere til å både framovermelde og tilbakemelde, samt skrive tydelig og godt i tekstene våre. Handler vi bevisst mens vi skriver, og ikke bare rabler ned, da lærer vi, og en utvikler seg.

For å skli over i en filosofisk vinkling her, mener jeg bloggen også en et verktøy for å fremme refleksjon og tanke. Dette er også svært spesifikke faktorer det er godt for lærere å ha med seg i ryggsekken. Vi skal lære oss til å ta stilling til stoffet, ta stilling til våre egne oppfatninger og andres, og sammen danne oss en fornuftig mening om heltheten.

La oss håpe blogging i 2009 gir oss mange gode tanker og erfaringer!

God jul =)

søndag 30. november 2008

Læringsstilar

Dagens skule, der ein legg vekt på TPO og indivuelle behov, opnar mange dører på mange skular, for nettopp læringsstilar. Eg ser på det som ein form for snillisme og reinspekka tull, rett og slett. Då eg gjekk på barneskulen var det einskapsskulen som stod i fokus. Samstundes hadde ein ikkje utvikla metodar, eller hadde mangel på ressursar, når det kom til diagnostisering. Det var klare reglar for korleis ein skulle oppføre seg i klasserommet.

Eg meiner at ALLE menneske har evna til adaptsjon. Må ein lære seg å sitte stille, så skal det gå an. Ein treng ikkje måtte inngå kompromiss med elevar for å få dei til å lye. Korleis går det an å følgje med når ein spelar Playstation, leker med gameboy eller anna underhaldningsmateriale? Det same gjeld musikk. Skal ein få lov til å ha musikk i øyrene fordi ein ser det går an? Sjølvsagt ikkje! Greitt at eleven får med seg stoff, men det er handlinga som er feil i utgangspunktet. Det er ikkje nødvendig. Snillisme, i alle høgaste grad.

Berre så det er sagt, det kan være lett å forveksle læringsstilar med rammefaktorar. Dei er totalt forskjellige. Rammefaktorar er fysiske element som må vere til stades, eller element som har ein positiv stimulerande effekt. Læringsstilar er middel for å forbetre elevane sine manipulative evner. Dei føler seg som kongen på haugen, og mogleiken for at dei ber om ei silkepute å sitje på, er heller ikkje å avskrive.

Når det kjem til essensielle faktorar som er knytta til elevane, er det jo sjølvsagt ein anna sak. Har ein elev eit særskild behov, må ein jo prøve å legge til rette for det. Men når det kjem til slike småting som musikk i øyrene, tyggis i kjeften osv.. blir eg skikkeleg irritert når eg ser det for meg.

Eg føler meg kanskje litt konservativ på dette punktet, men eg vil ikkje ha problem med å ta hensyn til skulen i utvikling, og skulekoden generelt. Berre for å gjere ei kort historie lang, eller motsatt; Læringsstilar er ikke nødvendige, med mindre dei verkeleg er det.