mandag 16. mars 2009

Leik og læring


I desse dagar gjev høgskulelektor Ann Britt Ervik og barneskulelærar Elna Dahle Kannelønning ut boka "Leik i norskfaget". På HSH sine sider legg dei fram at leik fremjer lesing, skriving og kommunikasjon. Samstundes er leiken med og stimulerer evne til samarbeid, spontanitet og konsentrasjon. Holistiske begrep som tryggleik, respekt, vennskap og tillit er òg noko som leiken ber med seg, meiner dei.

Mange kan oppfatte leik som "berre på løye"-aktivitetar, og at den berre passar for born. Begge desse hypotesane tykkjer eg er lite gjennomtenkte. Mange knyter læring til stoff og fakta, og slik vert det for mange vanskeleg å sjå nytteverdien av leik, knytta opp imot tradisjonelle undervisningsmåtar. Dette synet på læring er veldig statisk i mine auge, og ein gløymer å sjå elevane som menneske i utvikling.

Læring er dynamisk og holistisk, meiner eg, som inneber det at vi lærer alle noko kvar dag, enten det gjeld faglege, fysiske, sosiale og psykososiale sider ved mennesket. Det som er fordelen med leik, er at i motsetning til tradisjonell undervisning, rører leiken ved mykje meir av det som er "meg", for å dra ein parallell til Mead - og at leiken tilbyr ein større pakke av erfaring og læring enn vanleg undervisning. Store deler av det vi lærer gjennom livet, er basert på empiri, som vil seie at ein lærer gjennom å erfare. Gjennom leiken vert eleven kjend med seg sjølv og sine grenser, samstundes som ein gjer seg erfaringar saman med andre og den sosiale konteksten. Slik vert leik som metode med å utvikle identitet og tilhøyrsle.

Leiken finn sine røter innanfør progressivismen og det barnesentrerte synet. Empiriet i leiken kan knytast til Rousseau og Dewey, samt Mead. Eg meiner det er viktig å få med at leiken er borna sin arena. Då er dei på heimebane. I vanleg undervisning er det læraren som har fordelen. Tenkjer ein på fotball, ville det vore urettferdig om eit lag berre skulle fått heimekampar. Såleis er det med undervisninga. Vi må balansere og gje elevane mogleiken til heimebane av og til.

Ein treng ikkje ha leikbasert undervisning heile tida, og det er absolutt ikkje meininga heller, men eg tykkjer metoden kan nyttast til å skape variasjon i undervisninga, og i forhold til ulike didaktiske tilnærmingar, som for eksempel ved introduksjon ved nytt stoff etc.. Leik kan såleis nyttast som eit hjelpemiddel, eit reiskap eller støtte ved sida av vanleg undervisning. Frå dette perspektivet finn ein mange gode sosiokulturelle element implementert, og leiken er absolutt òg ein måte introdusere den norske kulturen på. Slik blir leiken med å skape identitet og tilhøyrsle til heimstaden, eller landet ein bur i.

I motsetning til idrett, byggjer leik mindre på fysiske forutsetningar. I leiken, generelt, er det fellesskapet, og det å ha det gøy i lag som er målet. Det vil seie at uansett fysiske forutsetnadar, kan ein leggje opp leik som legg til rette for mestring eller deltakelse, og ein kan sjå på leiken som ein arena som passar for alle. Eg tykkjer leiken står i kontrast til TPO i dette perspektivet- og leiken som metode for læring, kan vere ein mogleik til å inkludere alle, uansett nivå.

Eg trur mange vaksne har gløymd ut korleis det er å leike, eller at dei tykkjer det ikkje er passande. Slik tilfelle tykkjer eg er uheldig, sidan eg overtydd om at leikande vaksne vil skape sunnare og betre relasjonar til elevane. Samstundes trur eg at lærarar som vel å ha mykje leik, vil ha mykje igjen for det sjølv. Me har alle eit born i oss, og det bør vi nytte så ofte som mogleg.

Men, no er det stopp på skrivinga. Skal ut å leike røvar og politi! Hade på badet!

3 kommentarer:

Tina Totland sa...

Hei Anders:-)

Dette var ein god blogg:-)

Fint at du trakk med boka til Ann Britt, var ikkje klar over at dei skulle gi ut bok.

Det er tydleg at du har god kontroll på dei pedagogiske retningane og begrepa, det er flott:-)

Også kjempe bra at du stiller det kritisk til ting, som leik " berre på løye". Sjølve tenkjer eg at leik kan foregå berre på løye, men samt med eit mål. Uansett korleis ein leikar så får ein eit utbyte av det. Du skriv mange gode fordelar med leiken, bra:-)

leik er heilt klart ei god aktivitet for å skape variasjon i undervisninga. Det er noko som hadde vore kjekt å prøvd ut denne praksis perioden:-) Enig med deg i at leik kan inkludera alle.

tja. a wish? dette var jammen meg ikkje enkelt. Eg tykkjar at du har skrevet ein veldig god blogg Andres. Sidan eg å må ønske noko, så kunne eg kanskje tenkt meg litt meir av dine eigne meiningar.
(men ikkje legg for mykje i det;-) )

Godt jobba Anders!
Lykke til i praksis:-)

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Ok, skal tenkje på det vidare!

Takk for kommentar =)

Steinar sa...

Her har du skrive eit gjennomtenkt innlegg som på ein fin måte trekkjer trådar til relevante teoretiske perspektiv. Du får dermed godt fram at leik kan vere så mykje meir enn "berre på løye", og at den absolutt bør ha ein plass i skulen! Flott!

Kva trur du det er som gjer at så mange er kritiske til leik i skulen?