torsdag 23. april 2009

Sosialisering og oppdraging

Då var det kome til siste blogginnlegget før sumaren, men det er enno ikkje for seint til å eksperimentere. Til høgre har eg lista opp mål eg har satt meg for vekas innlegg, og eg ynskjer at eventuelle kommentarar blir knytt opp mot desse. Vekas innlegg skal handle om den formelle delen av sosialiseringa. God lesing! =)


Formell sosialisering

Dette begrepet inneber faktorar rundt eit barn som har mandat til oppdraging. Foreldre og skule er eksempel på dette. Primæransvaret ligg hos foreldra, mens skulen fungerer som ein hjelpar som skal samarbeide med dei. Difor er det sentralt at dette samarbeidet fungerer, slik at begge instansane, både skulen og foreldra, har eit realistisk og riktig bilde av eleven sin livssituasjon. Den totale livssituasjonen, som tek for seg dei fysiske, psykiske og sosiale sidene ved eit individ, knyter eg til Bronfenbrenner sin "wheels within wheels" -teori. Ein vert påverka heile tida av det ein omgjev seg i, enten det er på mikro eller makro nivå osv, og for at både foreldre og skule skal få eit riktig bilete av korleis desse nivåa er med og påverker, bør det utviklast eit produktivt og profesjonelt samarbeid mellom skule og foreldre. Foreldrene ser ikkje korleis barnet oppfører seg på skulen, og skulen kan heller ikkje vite noko om forholda heime med mindre ein kommuniserer. Det å få til ein god dialog mellom desse instansane, meiner eg kan vere med på å skape tryggare rammer rundt den eller dei det gjeld - og i forhold til Imsen (2005) , der det vert skissert at påverknaden i tidleg alder er sterk, bør foreldre og skule samarbeide best mogleg for å leggje best til rette for eleven. Etterkvart som eleven veks opp, vil foreldre og skule ha mindre "oppdragelseseffekt" enn før, og ein kan seie ein knyter seg meir mot den generelle referanseramma (Imsen 2005), vener, "folk flest", skrivne og uskrivne reglar i miløjet ein omgjev seg i. Difor er det sentralt at eleven får absorbert gode verdiar, haldningar og fornuftsgrunnlag frå barndomen.

Løgner og pynting på røynda


Eg trur det er mange foreldre som ikkje fortel alt om barnet sitt til skulen, og slik vert det vanskelegare for lærarane i forhold til det å leggje mest mogleg til rette for eleven. Samstundes kan foreldre seie at dei gjev hjelp til leksene, mens dei i røynda ikkje gjev seg tid til dette. Tiltak som leksehjelp svinn bort av dette, og slik tener det mot barnet sitt beste. Kanskje dei foreldre som kjem under denne kategorien gjer dette fordi dei skammar seg over sitt faglege stende, eller er redde for å innrømme sin feil? Det er i alle fall noko vi alle heilt sikkert har gjort eller opplevd sjølve. I mitt syn så kan vi alle gjere feil, og foreldre tener ingenting på illusjonen om at dei skal vere perfekte. Det kan godt hende at foreldre ikkje har noko skyld i barnet si problematferd. Vener og andre sosiale krinsar, samt media er med og påverker.


Mamma i Fitjar og pappa på Vikjo

25000 born opplever årleg samlivsbrudd (Westrheim, 2009). Slike brudd er ei påkjenning for borna. Dei kan oppleve krangling og konfliktar mellom mor og far. Depresjon og aggresjon er nokre tilstandar som kan oppstå hos foreldra, og dette kan smitte over på borna seinare, spesielt hos jenter. Sidan mor og far ikkje bur saman, kan vere fare for at dei formidler ulike ideal, eller oppdrar barnet på kvar sin måte. Dette betyr at ein vert skyvd på mellom to verder, og det vil i mange tilfelle vere vanskeleg for barnet å finne stabilitet i livet. Eg trur absolutt at mange av borna som har atskilde foreldre, har gode oppvekstvilkår og samarbeid mellom foreldra, og eg har fullstendig tru på at atskilde foreldre har mogleik til å oppdra barnet like godt som alle andre - men mitt poeng er berre å skissere eventuelle problem som kan oppstå av denne livssituasjonen. Difor er sentralt at foreldra, sjølv om dei kan vere usamde, handlar i forhold til barnet sitt beste og lukar ut uheldige påverknadsmoment. Det å få borna til å innsjå at foreldra har ein god tone sjølv om dei lev frå kvarandre, trur eg er svært sentralt. Samstundes vil eit godt samarbeid hjelpe til med å danne like ideal i heimane.


Foreldre i utvikling
Ingrid Worning Berglyd (2003), legg fram ei utvikling der dagens foreldre er betre utdanna enn før. Foreldre som sjølv har gått tolv år i skulen var vane med å ha sine eigne meiningar, og dei lærte ulike diskusjons- og taleteknikkar som foreldregruppa før dei ikkje kunne. Når dei no som foreldre møter skulen, tek dei med seg dette og stiller høgare krav til skulen enn før og til borna som skal lære, seier Berglyd. Ho seier vidare at dette er noko ein kan sjå positivt på, fordi ein kan få involvert foreldra i skulen si tenkning og form. Eg tykkjer er sentralt å skape gode relasjonar mellom heim og skule, men dette er ikkje noko enkel sak sidan foreldrelandskapet inneheld ei fargerik blanding av personlegheitar. Berglyd (2003), meiner det kan vere av verdi å ha ein oversikt over kva foreldretypar ein må forholde seg til.
Dei hjelpsomme, positive og ressurssterke foreldra
Det å vere ressursterk i denne samanhengen er ikkje knytta til økonomi, men i forhold til foreldre som bruker dei talenta dei har, til det beste for felleskapet. Berglyd (2003), meiner det er viktig å involvere ressursterke foreldre. Denne typen foreldre er ofte dei som har god kjennskap til nærmiljøet, og som har evne til samarbeid og diskurs i kommunikasjonen. Sjølv om læraren er den som generelt skal "ordne" opp, legg ho fram at dei ressurssterke foreldre kan vere med å løyse opp floker, fungere som katalysatorar for å få andre foreldre på banen. Berglyd advarar likevel med å belaste foreldre for mykje, for då kan dei ofte gå lei av å alltid vere blant dei som tek det tyngste lasset. Dette er ein balanse som læraren må ta hensyn til, og Berglyd påpeikar at eit godt samarbeidsklima er avhengig av god arbeidsfordeling.
Dei krevande og kritiske foreldra
Mange foreldre stiller urealistiske krav til skulen. Desse foreldre kan ofte ha eit prestisjefylt arbeid, eller vere godt utdanna. Berglyd (2003), legg fram at mange i denne gruppa plar å vere meir interessert i faglege resultat enn den sosiale situasjonen på skulen. Problem som oppstår hos eleven vert ofte plasserte hos læraren eller klassekameraten, og ikkje i relasjonen foreldre-elev, der løysinga kanskje ligg. Berglyd skisserer at kommunikasjonen mellom foreldre og skule kan vere vanskeleg, der foreldra seier at skulen må ordne opp sjølv, at skulen ikkje er dyktig nok, eller at problemet ligg andre stader. Situasjonen kan bli tilspissa vidare ifølgje Berglyd, der andre foreldre vert informert eller involvert, og det vert skapt eit press på samspelet og læringsmiljøet. Berglyd (2003), legg vekt på at eit godt og trygt læringsmiljø er betingelse for læring, og at foreldre har eit sentralt ansvar i å bidra til dette. Difor trur eg det vert viktig å kommunisere skikkeleg med foreldre, og ikkje minst skape eit realistisk bilde av skulen, der problem kan oppstå, mangel på ressursar etc.. -og at vi alle bør vere med og støtte opp under "klassetreet" som stadig veks, slik at det ikkje går i feil retning, og at vi held blada grøne så lenge som mogleg!
Dei usikre foreldra

Det vil alltid vere foreldre som har gått gjennom skulesystemet utan å ha fått den hjelpa dei hadde krav på. Det å vere dårleg til å lese, skrive og rekne, verker inn på sjølvkjensla. Foreldre i ein slik situasjon kan få problem med å forstå innhaldet i informasjonen skulen gjev. Dei har heller ikkje kapasitet til å hjelpe barnet med lekser eller oppgåver. Berglyd (2003), meiner det er sentralt å gå i dialog med foreldre i slike tilfelle, der ein forklarer korleis vekeplanen og arbeidsplanen fungerer. Ho legg vidare fram at mange av foreldrene i denne gruppa ikkje trur dei har noko å tilføre. Ein minnast eigen skulegong med lite glede, og det vert naturleg å bli fortvila om ein høyrer at barnet deira ikkje får tilstrekkeleg hjelp i sin skulesituasjon. I foreldresamtalar, der ein er i dialog med slike grupper, legg Berglyd fram at ein unngå å gå for mykje i dybden, der dette kan resultere i intime historiar frå foreldra sjølv, og ha forståelse for at dei kan vere nervøse, innadvendte og usikre. Berglyd (2003), skisserer eit viktig poeng der ein ikkje må forveksle det å vere usikker med manglande ressursar. Skulen har eit ansvar for å få foreldra til å yte sitt beste.

Dei ansvarslause foreldra

Nokre foreldre set sine behov føre barnet sine. Berglyd (2003), legg fram at dette er noko samfunnet må forholde seg til, der naudsynt hjelp må involverast i forhold til omfanget. Ho seier vidare at omsorgssvikt er noko som medføre alvorlege skader for barnet. Skulen har plikt til å melde i frå til barnevernet eller politiet om det fins mistanke om omsorgssvikt og mishandling, både psykisk og fysikk. Berglyd påpeikar at det i mange tilfelle er vanskelegare å ”avsløre” ressurssterke foreldre enn dei med lågare status. Dette kan ha samanheng med fordommar og dei sosiale skilnadane relatert til foreldretypane. Eg trur det vert viktig å sjå alle foreldre for kven dei er, og ikkje berre gjere seg opp ei meining på grunnlag av overflata. Om ein mistenkjer eit barn for å bli utsatt for omsorgssvikt eller mishandling, er det ein svært alvorleg sak, der det er ett fett om det er Rike Smarte Fredrik eller Fattig Shabby Oluf som er forelder.
Den formelle sosialialiseringa er svært viktig i tidlege år, der det primære nettverket fungerer som kjerna av påverknadskjelder. Eg tykkjer foreldre/elev/skule - aspektet er svært viktig, og det er sentralt at ein som lærar har perspektiv og kunnskap i forhold til dette. Samstundes støttar det opp under det holistiske synet eg har på pedagogikk, der alle sider ved eit individ må takast hensyn ved. Fysiske, psykiske og sosiale sider.


1 kommentar:

Johannes Sæleset sa...

Hei Anders!

Det støkk i meg når eg ser at ein pedagogikkblogg har SKRIVEFEIIL i overskrifta. Det har aldri vore orddeling i norsk! Prøv igjen...

Takk for interessante innlegg!