søndag 1. mars 2009

Vurdering for læring - av kunnskap

På fitjar sist helg traff eg på Sigbjørn Aarland, rektor ved Øvrebygda skule. Etter litt prat om fotball kom me innpå pedagogikken, spesifikt det nye prosjektet, vurdering for læring. Han var ikkje noko særleg imponert over dette prosjeket, men impliserte at det hadde ein viss verdi. Vidare sa han at det som dette prosjektet legger fokuset på allereie er noko som har hatt lang fartstid i skulen. Eg tykkjer tanken er god, men det er ingen garanti for at eit sjølvsagt fenomen let seg gjere i realiteten.

VFL- prosjektet har eit stort potensiale, men det kan vere uheldig om vurdering for læring tek over all form for vurdering.Framovermeldingar er bra, men nokre gongar tykkjer eg det er viktig å få ein "Bra jobba!", "Flott!" -kommentar, slik at vegen fram ikkje alltid verker uendeleg lang. Typiske kommentarar kopla til dette prosjektet, kan vere;

Lærar: "Bra dette, Ole! Du har fått taket på bokstaven A, men kan du prøve å lage den litt finare?"
Ole: " Finare? gjer eg den ikkje fint nok då?"
Lærar: "Å joda, du skriv fint du, men ein kan aldri skrive fint nok! Fortsett det gode arbeidet!"

Ole; " Lærar, eg har funne arealet av kvadratet! Svaret er 6cm i annen.
Lærar; " Du har riktig svar,men eg skal gi deg nok eit spørsmål! Kva viss arealet doblar seg, kor lange vert sidene då? Doblar dei seg, eller viss ikkje, forklar kvifor!"
Ole; ....alltid noko...


Feedback er eit viktig verkty i forhold til formativ vurdering, men som i Ole sitt eksempel, kan det endelause virvaret av framoverspørsmål føre til at vegen fram vert mykje større enn det den er. Eg tykkjer vi må balansere goda som dette prosjektet representerer,med motpolen. Vurdering av læring blir vurdert som antagonisten her, men i mitt syn vert begrepet utydleg. Læring er ein dynamisk prosess, noko som er i motion heile tida, difor passer ikkje - av læring noko godt i forhold til -for læring. Eg vil kalle det slik kognitivistane ville gjort ; Vurdering av kunnskap. Vi må balansere mellom det å vurdere for læring og vurdere kunnskap. Får ein berre feedback eller framovermelding, vil ein kanskje miste motivasjon fordi ein ikkje veit kor ein står. Er det berre vurdering av kunnskap, vert det vanskeleg å finne ut korleis ein skal gjere det betre. Difor vil eg foreslå ein slags symbiose for desse begrepa som den beste strategien. Me treng begge, og samstundes kan ikkje det eine klare seg utan det andre.

Denne tanken er òg implimentert i prosjektet, men er, i følgje meg, altfor nedtona.
Vurdering blir delt opp i

- Feed up, kva er målet? Kvar skal eg?
- Feed back, kvar er eg i forhold til målet? Korleis gjere eg det i min prosess mot målet?
- Feed forward, korleis skal eg kome til målet? Kva må endrast, gjerast vidare?

Det er viktig å sjå holistisk på dessa elementa, slik at forwardmeldinga ikkje får for stort trykk. Det er samstundes ei utfordring å implentementere alle desse punkta i vurderinga. Ein må og tenkje på kvoten av vurdering eleven må lese gjennom. Det er flott ein har blitt bevisst på dette med vurdering, men faren med all denne oppdelinga kan vere at vurderinga i mange tilfelle vert for omfattande. I så tilfelle må ein byrje å prioritere, eller variere ut i frå situasjon og person.

Det skal bli spanande å sjå i praksis korleis dette fungerer, og ikkje minst kva resultat det avler. Eg trur og meir fokus på formativ vurdering kan vere med å styrkje sjølvbiletet. Elevane føler dei vert sett, og at læraren bryr seg om alt det dei gjer av arbeid. Det er absolutt viktig.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Heia Anders!

Først vil eg jo congratulat you on a good written blog! Du trekker frem både gode og negative sider med prosjektet, og eg synes det er en meget god egenskap at du kan sette tvil på noe som hørres flott ut. Eg tror eg dele ditt/hans syn på vurderingen av vurderingen:P

Eg tror kanskje det at å legge press på å bruke slike vurderingmetoder som ikke er "normalen" vil flytte fokus bort fra noe annet som er like viktig, og at vi dermed mister konsentrasjonen på andre ting. Mistet litt tråden i det jeg skulle skrive der:S Hmm, det jeg vil frem til er at kanskje det ikke er så bra å overfokusere på ting.

Eg ser også positivt på det du skriver om at vist en fokuserer for mye på ffed-forward meldinger så kan eleven miste fokus på kor han står i forhold til faget. Er kompetansen hans stor eller liten? Blir læreren aldri fornøyd? Det kan ofte være bra med en enkel dette var bra jobba, fortsett den gode jobbe, du er flink. Viktig at eleven får annerkjenelse for det han gjør.

Trekke frem noe negativt? Alltid like vanskelig , siden jeg ikke liker å være negativ:P Skal vi se;=)

Det eg kan nevne er at eg ikke helt ser hvem sin mening dette er? Er det han du snakka med eller er det din egen? Klarer ikke helt skille mellom hvem som mener hva. Kunne kanskje personligjort det litt mere?

Meget fornøyd med å lese bloggen din Anders! Keep up the amazing work! Du er flin! Der fikk du både Feed-Forward og direkte annerkjenelse!;) Go helg kompis!

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei!

Tykkjer det er flott du kommenterer at eg ser ulike sider ved saken, då dette er noko er prøver på i innlegga mine. Takk for observasjonen!

Kjekt at du har eit nokonlunde likt perspektiv som meg på "overfokusering" etc. =)

Kan hende eg har vore litt diffus i "kven" som snakkar, men poenget mitt var i alle fall å "bygge" på hendinga frå fotballkampen, slik at derfrå, er det meininga mi som kjem fram =)

Takk for ein flott kommentar, Vegard. Du er flink til å kommentere =)

Anonym sa...

Ja, eg skjønte at det var det som var meningen. Det som er at når ein er nødt til å finne noe negativt då blir det ofte slik at man tar det man finner. Var ikkje noe særligt negativt å finna i mine auger. Syns det var et flott blog innlegg.

Anders sin pedagogikkblogg sa...

I VFL - prosjektet heter det ikke å finne noe negativt, men å finne noe som kan gjøres bedre. Noe som er bra, men som kan gjøres enda bedre!

Ser vi på kritikk som noe negativt, vil hele framovermeldingen miste sin verdi, mener jeg.

Du har funnet noe som kan gjøres bedre i dine øyne, ikke noe som nødvendigvis er negativt =)
Kritikk må sees på som positivt. Husk det!

Takk igjen for svar!

mvh Anders

Steinar sa...

Interessant poeng du tar opp her, det er faktisk berre Just i tillegg som har ytra slike kritiske tankar knytta til "den nye" måten å vurdere på, og det er viktig at denne debatten kjem opp!

Eg stiller det samme spørsmålet til deg som til Just: Det ligg vel også informasjon i eit enkelt "Flott!" ??