torsdag 29. januar 2009

Konstruksjon og design

Fleire veker med intens jobbing er ferdig, og eg kan sjå tilbake på eit flott og givande prosjekt. Studentane på Sagvåg skule har jobba tett saman i to veker, og eg føler eg har blitt betre kjend med kvar og ein. Me har stått saman jevnt og trutt, og sjølv då alt såg mørkast ut, klamra me oss fast til håpet om betre tider. Ein slik allusjon kan verke litt påklistra ut, men den understreker eit viktig poeng knytt til prosjektarbeid. Samarbeid er ikkje berre ein dans på roser. Slik er røynda, og ein vert ikkje betre utan å øve på det. Retter ein kikkerten mot den moderne skulen, og lærarteama generelt, ser ein at slike prosjekt ikkje berre er god øving for dei involverte, men òg arbeidsmetoden eksplisitt, er ei spegling av slik me kjem til å jobbe som lærarar.

Oppdrag 1

”Studentene på Sagvåg skole skal arbeide med Lego Mindstorm og First Lego League. De skal lære hva det går ut på, og hvordan det brukes i grunnskolen”

På Fredag9. Januar, fekk me installert Lego Mindstorm på maskinane våre, eit program ein måtte ha for å kunne programmere robotane ein nyttar i FLL. Dette programmet var veldig brukarvenleg, og det tok ikkje lange tida før ein fekk det i blodet. Trist nok fekk ikkje alle mogleik til å nytte roboten tilstrekkeleg, sidan seks robotar blei til to. Såleis stod seks personar rundt ein robot som ikkje hadde plass til meir enn to hender. Dette førte til at nokre tok eit skikkeleg skippertak rundt det som involverte programmering, mens andre brukte arbeidslysta sin på å lese reglar, ordne fagtekst etc.Slik fekk dei ulike partane i gruppa spesialisert seg på sine områder, men ein kan stilla seg spørsmålet om studentane kom frå oppdrag 1 med eit allsidig erfaringsgrunnlag.

Sjølv om arbeidsoppgåvene var noko oppdelt, tykkjer eg samarbeidet etterkvart gjekk veldig bra. Gode innspel, humor, og jobbing på tvers av gruppene, er noko som kom som eit resultat av eit sunt arbeidsmiljø. Innan tors. 15/01, hadde me blitt ferdige med programmeringa, og det var klart for konkurranse studentane imellom. Det var noko av det mest spanande og nervepirrande eg har oppleve. Verre blei det heller ikkje av at heile mellomsteget, pluss fjerde klasse, kom og laga liv på tribunen. Det var rigga opp ein ”tv” på veggen, slik at dei som ikkje såg konkurransebordet skikkeleg, kunne få det med seg derifrå. Samstundes som dette var ei fin erfaring for oss, trur eg at tilskodarane som ikkje har vore med på FLL før, fekk ein inspirerande og realistisk dose av kva som skjer på Lego League arrangement. Team ”Nuddår” gjekk av med sigeren, der dei viste at det å tenkje enkelt og effektivt, ofte er det beste. Team Rocket hadde laga ein høgteknologisk robot, men som viste seg å ha fleire ulemper enn fordelar.


Oppdrag 2 , multimodal presentasjon

Sjølv om me var to grupper under prosjektarbeidet på Sagvåg skule, blei me einige om å slå oss saman. Dette hang saman med at me jobba kontinuerleg saman på tvers av gruppene. Sjølv om me var to grupper, jobba me som ei. Som nemd overfor, hadde me berre to robotar, og alle hadde generelt noko dei spesialiserte seg på. Dette viste seg igjen i den multimodale presentasjonen, der dei som jobba mest med robotane, laga manualar eller undervisningsopplegg knytt til det. Dei som var domarar, eller som jobba med teori under arbeidsprosessen, tok på seg oppgåva med fagtekst etc. I forhold til mangfaldet og antalet personar på gruppa, tykkjer eg presentasjonen gjekk flott.

Tilbakemeldingane var stort sett bra, med unntak av nokon som tykte tida var for dårleg disponert, og at Vygotsky blei for sentral i presentasjonen.

Dei andre gruppene hadde mange fine presentasjonar. Ein flott måte å få med seg kva dei hadde gjort på. Eg trur me alle vart noko klokare på bruer i alle fall.

Framtidas skule var ei interessant problemstilling, men eg trur heile ideen verka litt motsett på meg. Sjølv kor mykje ressursar ein hadde hatt tilgjengeleg, trur eg ikkje eg hadde brukt noko veldig mykje meir enn det som er naudsynt. Idealet mitt av skulen baserer seg på verdiar som står imot kjøpesamfunnet og det egosentriske. Verdiar og haldningar er grunnmuren i skulen. Badebasseng, golfbane og dyrepark i hagen, ligg ikkje berre i framtida for min del, men òg innanfor det eg ser som utenkjeleg. Sjølvsagt skal borna har undervisning i trygge og gode rom, men alt med måte.
Etter kvar gruppe hadde presentert, var det lyttarane si oppgåve å kommentere framføringa. Her var det mange gode innspel og diskusjonar, men faglærar meiner me fortsatt har ein del å hente på denne delen. Det å gje tilbakemelding, framovermelde, tenke adressativt.


Oppdrag 3

”Undervisningopplegget skal gjennomføres på praksisskolen 29. Januar. Opplegget skal planlegges ut i fra den didaktiske relasjonsmodellen, og utgangspunktet vil være prosjektet og produktet studentene har arbeidet med”.

Undervisningsopplegget skulle basere seg på det me hadde jobba med, men det sa seg sjølv at ein ikkje kunne ha seksti elevar rundt to lego bord. Derfor måtte me finne andre aktivitetar som hadde ein raud tråd i forhold konstruksjon og design. Den endelege avgjersla enda i tre aktivitetar. Byggje hus, tårn og programmere robot. Tjue elevar på Lego League var framleis for mykje, så me delte stasjonen i to, der eine gruppa var på programmering, mens den andre gruppa hadde om fornybar energi med Kjersti og Lasse. Oppdraget elevane skulle gjere på FLL basen var å køyre over tre karbonkuler på bordet. Matematiske element knytt til denne basen gjekk på det å kunne berekne, visualisere og vurdere. Ved programmering av sving var det fleire som såg parallellen mellom rotasjonar på hjulet og kor mange grader hjulet ville svinge. Kjem tilbake til dette under refleksjon.Dagen gjekk knirkefritt, og etter evaluering med praksislærarane satt dei òg igjen med same inntrykket. ”Vel blåst”, sa dei.

Refleksjon
Organisering // Struktur // Ressursar // Mål // Plan // Læringsteori

Prosjektet var for mange noko diffust i starten. Eg lurte på kva som stod i sentrum, kva for mål ein skulle setje seg. Eg tykkjer faglærarane var noko utydelege i innleiinga på prosjektet, og sjølv om det kanskje var ei hensikt bak det, bør ein likevel vurdere om det er ein smart måte å innleie eit prosjekt på. Eg skjønar poenget med den induktive haldninga, men som eg fastheld ved – ein kan modifisere på begrepet og gi det ein deduktiv vri. Nokre rammer er betre enn ingen. Ein vil ikkje miste den induktive stilen av den grunn...

Praksisdagen synte mykje flott samarbeid. Elevane kom med gode idear og forslag, samt gode argument av og til. Eg meiner alle gruppene klarte oppdraget sitt. Dette seier meg ikkje berre at arbeidsprosessen og kommunikasjonen var god, men oppdraget i seg sjølv var passeleg utfordrande i både kvantitet og vanskegrad.

Sist eg var i praksis og gjennomførte ei induktiv økt i matematikk, var eg kanskje var litt vel medverkande. Eg prøvde å vere meir passiv i dag, og lukkast til dels med det, men i forhold til tida eg hadde til disposisjon, måtte eg innleie i aksiomatisk form. Eg såg det som naudsynt at dei lærte om Mindstorm og kva oppdraget deira skulle gå ut på. Sjølve programmeringa og verdiane dei putta inn gjorde dei heilt sjølve. Eg tykkjer ein må kunne trekkje inn isoglossar i det pedagogiske grunnsynet, slik at tid og formål, og ikkje minst mål, blir streva mot. Mest prøvde eg å fungere som mediator og passiv figur, men der eg såg det var naudsynt, tok eg tak i roret sjølv og fekk skipet på riktig kurs.



På eine gruppa eg hadde, var det ei jente frå Somalia. Ho stod ikkje på listene, så eg meiner ho var heilt ny på skulen. Då det var hennar tur på programmeringa, verka det som om ho ikkje visste kva ei datamaskin var. Då ho fekk til å bevege litt på musa, byrja ho å smile. Ho hadde klart å mestre noko som var heilt ukjend for ho. Eg passa på at språket mitt alltid var så lett som mogleg. Samstundes hjelpte resten av gruppa til og viste. Fleire av dei synte dugleik til desentrering, slik at det blei lettare for ho å forstå. Dette er eit godt eksempel på verdien av adressivitet, smelta inn i ei kjerne av dialog og samarbeid i ei sosiokurell setting. Ei setting som inkluderer og motiverer til mestring og deltaking.

Når elevane hadde kome til steget der dei måtte svinge roboten sin, spurte eg ; ”Kor mykje må roboten svinge no tru?” Eg forventa svar i form av rotasjonar, men så kom det plutseleg – ”360 grader!” Det eg ikkje visste var at dei nettopp hadde hatt om dette i matematikken. Dei brukte altså kunnskapen sin i praktisk setting. Kunnskapen dei hadde om grader og vinklar hadde blitt operativ.

Robotane våre skulle vere i seks kopiar, men kom berre i to. Ein slik mangel på ressursar gjev konsekvensar ikkje berre for læringsutbytet, men òg for gruppeinndelinga og arbeidsprosessen. Dette førte til at det var fleire som ikkje lærte seg å programmere. Forholda låg ikkje til rette for at alle kunne lære seg det. Rammefaktorane speler ei viktig rolle i alt arbeid og undervisning.

Når det gjeld den multimodale presentasjonen, vil eg leggje lupa mi under det som går på å gi tilbakemeldingar. Eg tykte eg hadde relevant ord å kome med, ikkje berre fordi det var argumentasjon som støtta dei, men òg fordi at fleire enn meg hadde notert seg det same. Eg konkluderer med det at eg treff hovudet på spikeren som oftast, men som ein må huske på - det er kor hardt du treff som gjelder. Eg ser dette som eit viktig tema ikkje berre fordi eg tykkjer det er viktig, men òg fordi det er knyta til prosjektet– vurdering for læring, noko me blir ein viktig del av i komande praksisperiode.

Eg sit igjen med ei kjensle av at pedagogikken ikkje er kopla godt nok inn i dette prosjektet. Pratar me nok om kvifor me tek valga våre? Idealet, filosofien, kva for røter og grunnsyn som har mest relevans innanfor eit slikt prosjekt? Prosjekt som arbeidsmåte, kva pedagogikk ligg bak dette begrepet? Mål for matematikk, design, knust og handverk og digital kompetanse. Kva pedagogikk lurer seg bak formuleringane i Kunnskapsløftet? Gløymer ein å stille seg slik spørsmål, vert ein aldri kontinuerleg bevisst på pedagogikken, og didaktikken, grunnlaget for å kunne reflektere over si eiga undervisning, svinn bort.

1 kommentar:

Gry sa...

Vi beklager at vi ikke hadde flere roboter å tilby gruppa. Det var en strek i regningen i vårt planleggingsarbeid. Jeg synes det er positivt at dere fikk til å fordele oppgaver til alle på tross av dette. Det viser at dere tar ansvar, og det er en viktig erfaring.
Veldig kjekt at Sagvåg gjorde konkurransedagen så realistisk som mulig for dere. Vi må takke de for det.
Fine refleksjoner over presentasjonen. jeg synes absolutt ikke at Vygotsky ble for mye vektlagt. Dere hadde en utfordring i forhold til størrelsen på gruppa og hvordan dere skulle få til en helhet i presentasjonen. Vi tar med oss erfaringene til neste gang. Jeg er enig i at vi må etablere sunne idealer i forhold til hva slags skole vi skal ha.
Du synes prosjektet hadde uklare rammer. Vel, jeg kan være enig i dette til en viss grad. Det spørs hva du definerer som rammer. Dere fikk en ramme som inkluderte hva oppdaget var til enhver tid og en tidsplan for når oppdagene skulle være utførte. Det dere ikke fikk, var en ramme for hvordan dere skulle løse oppdaget. Det var et viktig poeng for oss. Vi ønsket at dere skulle erfare hva det vil si å gå inn i noe uten å egentlig vite hvor veien er. Det å kunne leve litt i kaos og deretter kunne nøste opp i det, er en viktig kompetanse en lærer må ha. Det vi kunne med fordel ha vektlagt mer i forkant er målet med prosjektet. Der er jeg helt enig.

Fine refleksjoner i forhold til gjennomføringen i praksis. Er i stuss om å bruke aksiomatisk form, er rette begrep her. Aksiomatisk form karakteriseres ved å bygge på noen grunnsetninger som aksepteres, og deretter bygge teorier ut fra et deduktivt system. Det at oppdaget klargjøres i forkant av en lærer, kan og høre hjemme i en induktiv form. Egentlig så er kanskje det noe som er undervurdert.
Jeg synes og at du hadde gode tilbakemeldinger til dine medstudenter. Det er likevel krevende å ta i mot slike tilbakemeldinger i plenum. Spesielt i et plenum med sine kollegaer/medstudenter. En kan fort gå i forsvar. Det krever trening og en påforhånd avklaring om at dette kommer til å skje. Det skal vi ta selvkritikk på. Jeg tror også det er litt unorsk. Vi er ikke vant til å gi og få konstruktiv tilbakemelding utover "godt jobba". Det ligger liksom ikke i den didaktiske kontrakten som Broussau kaller det. Jeg syntes du balanserte tilbakemeldingene dine godt.