torsdag 12. februar 2009

Motivasjon vs Ekvilibrium

Motivasjon eit viktig begrep, ikkje berre i samanhengar relatert til undervisning, men òg kopla til mennesket generelt. Denne forma for homeostase er avgjerande for alle valg vi tek i kvardagen, samt alle mål vi set oss. Mi oppfatting av motivasjon kan forklarast med Piaget termar. Eg ser motivasjon som ein tilstand der ein stiller seg i forhold til eit objekt. Nytter ein ekvilibrium som definisjon på likesæle, forklarer eg motivasjon i forhold til ubalanse. Stiller ein seg likegyldig i forhold til noko, har ein føttene i kvart sitt element. Soleis er ekvilibrium med på å definere grunnlaget for motivasjonen. Ein et fordi ein er sulten. Med andre ord, ein treng mat for å utlikne ubalansen i magesekken. Når ein er mett, har ein nådd sitt ekvilibrium igjen. Difor er motivasjonen for å ete lik null.

Frå dette synet, vil eg seie eg har eit syn på motivasjon nær Piaget sitt perspektiv, men eg vel å la motivasjonen forgreine seg frå likevektsprinsippet. Mi problemstilling, i forhold til slik eg ser motivasjon, er at når elevane er fornøgd, eller ikkje ser behov for å lære, er motivasjonen vekke. Då vil alt gå på autopilot, eller at ein gjer arbeidet spesifikt fordi ein må. Då vil ikkje eleven vere i stand til å verken tenkje kreativt eller danne eigarforhold til stoffet. Derfor ser eg det som naudsynt, at vi for einkvar pris, unngår at elevane når sitt ekvilibrium. Då kan ein herfrå trekkjer parallellar til den proksimale sone og forholdet assimilasjon-akkomodasjon.

Meistringsprosessen er ein utviklande og motiverande fase for elevane. Bandura sitt "self- efiicasy", er naudsynt relatert til fasen før elevane tek fatt på noko, spesifikt retta mot likevektsprinsippet.
Income expectations(ie) -Gjev ein signal til elevane om at dette er enkelt, eller overkommeleg, vil stimuliet i dei fleste tilfelle forhindre likesæla. Ein gjev elevane motivasjon i forhold til at dei vil meir enn dei ikkje vil.
Outcome expectations(oe) -Om kanskje ikkje i lik grad til IE, gjev signal om stoffet sin verdi og tyngde fyldige dosar med grunnar til kvifor ein skal ta fatt på noko.

Forventningane elevane har til å meistre, heng nøye saman med IE og OE, men eg vil òg leggje lupa på læraren si rolle.

Læreren tykkjer eg har ei avgjerande rolle i forhold til motivasjon, og soleis læringsutbyttet til elevane. Kjem ein inn i klasserommet og stråler av positivitet, vil dette verke inn på elevane. Derimot, kjem ein inn umotivert og daff, ser elevane dette med ein gong, og effekten vil smitte.
Då er det viktig at ein tenkjer på det å gå inn i ei rolle. Ein må kunne sjå seg sjølv utanfrå, og skape ein figur ein trur vil motivere. Lærarar nytter drama kvar dag, kanskje utan at dei veit det sjølv. Dei gode lærarane er bevisste på nettopp dette. Både i kommunikasjon lærar-elev og lærar-klasse.

Eg er no inne på det ein kallar attribusjonsteori. Denne teorien er først og fremst fokusert rundt suksess og nederlag relatert til oppgåver og vurdering, men eg ser dette som mykje breiare. Det at læraren ser kvar og ein kan vere ein suksess i seg sjølv. Klarer læraren å utvikle sjølvstende og sjølvbilete hos elevane, vil dei kunne tolke arbeidet sitt sunnast mogleg. For å kunne oppnå dette, må læraren vere meir enn ein didaktiker. Han må kunne sjå elevane som objekt og subjekt, slik at han kan få oversikt over faglige, psykososiale og sosiale aspekt. Ein må kjenne elevane sine, ikkje berre fagleg, men korleis dei står sosialt i forhold til sosiogrammet og den totale livssituasjonen. Kjem ein til det punktet, er det mogleg å setje gode forventningar til kvar og ein, slik at dei bli motiverte til å ta fatt på arbeidet.

Det å skape ein klasse kompilert av individ med gode attribusjonar, er ikkje berre ein viktig sak, men òg noko eg trur skulen har fokusert for lite på. Tolkar elevar suksess og nederlag feil, kan ein definere både arbeidet til lærar og elev mislukka. Ein må leggje vekt på det å dyrke sjølvbilete, samt oppfattinga av at det å vere flink, eller gjere det bra faglig, er noko som er bra.

Då kan vi knytta delar av motivasjonen til kulturen vår. Jantelova, skulekodane, og normene som i fleire tilfelle bremser flinke elevar, og lysta til å bli flink. Det sosiokulturelle synet har derfor mange utfordringar å ta høgde for.

Det å kjenne elevane har vore nemd knytta til forhold relatert til den signifikante andre. Då er me innpå den delen av attrubusjonen som involverer sjølvstende og sjølvbilete. Det å kjenne elevane fagleg har sterk samanheng med TPO, og den delen av attribusjonen som inneheld prestasjonsmotivasjon. Alle er forskjellige, og treng oppgåver differensiert ut i frå evner og fagleg styrke, slik at dei får oppleve meistring.

Motivasjon meiner eg er grunnleggjande for at elevane skal få eit eigarforhold til stoffet sitt. Det er opp til oss, lærarane, og leggje til rette for fagleg og sosial trivsel i klasserommet. Vi må kunne kjenne kvar og ein slik at vi kan leggje til rette, samt kunne gi utfordringar slik at kvar og ein får noko å strekke seg etter. Ein må vere bevisst på at den totale livssituasjonen speler ei rolle i
homoeostasen til kvar enkelt, slik at ein kan løyse eventuelle knutar som ikkje let seg løyse med fagleg dybde.

Ein må streve mot å utvikle elevane sine attribusjonar, slik at dei takler suksess og nederlag på ein sunn måte. Dette kan påverkast av læraren som rollemodell og motivator. Læraren, som den signifikante andre, vil nå fram til elevane - og kjenner læraren elevane godt nok, vil den signifikante kommunikasjonen oppstå- og oppstår den, vil variablane knytta til attribusjon bli langt færre. Slik vil vi ha det.

5 kommentarer:

Aina sa...

Hei Anders!

Eg må gi deg ros for at du skriver langt og er veldig reflekter overfor stoffet. Du klarer å skrive det på en mer personlig måte, slik at jeg må tenke meg om at det er fakta jeg leser om, og ikke dine egne ord. BRA!

Eg syns det er veldig bra du skriver om vår rolle som lærere, og klarer å skrive om hvordan vi som lærere bør tenke.! Dette er slik jeg som lærerstudent vil lese om. Veldig bra.

Hvis det var noe som jeg syns manglet så var det egne erfaringer. Du kunne kanskje nevnt hvordan du har hatt det selv som elev, og ikke minst om du har opplevd noe ute på skolene som lærer/vikar? Det hadde gjort teksten mye mer personlig, men dette er bare et ønske fra min side. :)


Men utenom det så vil jeg si bra jobbet, og fortsett slik!!

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei, Aina!

Takk for ein god kommentar. Du gjev meg inntrykk av at du har tatt stilling til stoffet mitt, og det er glimrings=)

Eg er einig i wishet ditt, og eg skal prøve å vere bevisst på dette videre.

Eg har eit spørsmål til deg om det er relevant om teksten er "personleg". Eg ser ikkje det som synonym til det å skrive med eigne ord. Det var vel kanskje kopla til erfaringar du meinte?

Takk for kommentar!

Steinar sa...

Utgangspunktet ditt i Piaget og likevektsprinsippet som utgangspunkt for motivasjon er både relevant og godt forklart. Her kunne eg godt tenkt meg at du også kom med konkrete eksempel på bruk av denne innsikta. Korleis kan du arbeide for at elevane meir eller mindre konstant skal vere i ubalanse eller "svoltne på læring"?

Det er interessant at du også trekkjer inn fleire aktuelle teoretikarar, alle desse er absolutt relevante, og du viser vidt perspektiv ved å trekkje inn fleire vinklar. Eg føler imidlertid at det kan vere vanskeleg å følgje ein del av resonnementa dine her.
Eg trur du kanskje forventar vel mykje av lesaren, at lesaren skal klare å følgje dine tankebanar?

Derfor trur eg at det hadde vore ein fordel om du forklarte betre kva du meiner, gjerne med eksempel, slik at det blir lettare for lesarane å forstå resonnementa dine. For eksempel når det gjeld attribusjonsteori, korleis kan du som lærar hjelpe elevane til å utvikle evna til realistisk forklaring av eigen suksess og nederlag?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Steinar:"
Korleis kan du arbeide for at elevane meir eller mindre konstant skal vere i ubalanse eller "svoltne på læring"?

Det blir vel då å undervise i tråd med Vygotskij. Halde elevane i utviklingsona. Har eleven fått til noko, kan ein tilføre ny vanskegrad, eller ei anna vinkling på oppgåva.

Ein kan og ta utgongspunkt i elevane sine interessar, og basere introduksjon eller oppgåver på det. Då vil Ausubel sine advance organizers og Piaget sin skjema teori komme til sin rett.

Eg trur vurdering og elevsamtale har mykje å seie for attribusjonen. Dialog med eleven der ein går igjennom oppgåva, arbeidet, og gjennom der ein tenkjer på bakhtin/mead i dialogen, stimulerer til signifikant kommunikasjon, slik at eleven lager seg eit riktig inntrykk.

Steinar sa...

Prøv ut ulike "svolt-teknikkar" i praksis, det kan bli spennande!