fredag 22. august 2008

Den gode lærar

Alle har gått si tid i skulen, og har såleis heilt sikkert ei formeining om kva ein god lærar er, og motsett. Mi oppleving av “den gode lærar” går fleire år tilbake. Me kalla ho berre “Frøken”. Ho lev ikkje i dag, men kjærleiken til unge, humøret og gleda ho gav, vil alltid leve vidare gjennom tidlegare elevar, vener og kollegaer.

Ein klasse på tjue born var me vel då me starta i 1.klasse på Ås skule. Denne skulen hadde ein første og andre klasse. Ikkje store skulen, altså. "Frøken og hennar lærarkollega leia då desse to klassane på eigenhand. Det var ikkje assistentar der, så det var “Frøken” sitt ansvar, eine og aleine, til å halda styr på oss. Ho hadde noko ved seg, noko som ikkje er heilt lett å setja ord på, sjølv kor mykje ein reflekterer over det i ettertid. Det var noko med “Frøken”. Ein var lydig, ein lytta, ein trudde på det ho sa, uansett. Eg vil ikkje formulere ho som ein autoritet, for på andre sida kunne me alltid fortelja alt til “Frøken”, ein var trygg saman med ho. Samtidig så hadde ho grenser, me visste korleis det var når “Frøken” var sint, men då var det alltid ein grunn til det. Ho var rettferdig, og som domar i alle avgjersler dømte ho alltid rett. Hennar kompetanse var heller ikkje noko å utsetja på. Alle som gjekk i den klassen har vakse opp til gode, dyktige og ambisiøse menneske.

Steinar nevnte litt i dag om det å sjå ting i forskjellige perspektiv. Dette meiner eg nøkkelen for å forstå korleis elevar fattar og lærer, såleis veit ein korleis ein skal lære vekk. Eg trur "Frøken" hadde ei unik evne her. Det er ikkje berre det at elevane lærer, men når dei meistrer, byggjer det sjølvtillit og motivasjon. Kort sagt, læringsevnen til eleven skyt fart når ein får dette fram. Metaforisk meint kan eg samanlikne god læring med det å finne detonatoren til denne kjedereaksjonen.

På ei anna side må ein god lærar tenkje på korleis ho/han opptrer i rolla si. Læraryrket er ei rolle, på lik linje med alle andre roller me har i kvardagen, og for kvar rolle ein spelar krevst det kriterier for den. Ein er sjølvsagt seg sjølv, men til visse roller krevst det å luke vekk ei viss atferd og fremje ei anna. Det kan hende “Frøken” hadde nokre sider som ikkje var bra, men viss det så er røynda, blei me ikkje ein del av det likevel. Ein god lærar bør vere bevisst i atferda si, heile tida, slik at det å bli sett på som ein god rollemodell blir spegelen for elevane i korleis dei ser seg sjølv.

Eg får kjensla av at ein god lærar må kunne så mykje, beherske så mykje, såleis ser det kanskje litt vanskeleg ut. Gry nemnde at etter utdanninga er ein ikkje ferdig, det er berre byrjinga. Eg må sei meg einig. Det å bli ein god lærar veks med tida, med erfaringane. Før spurde eg meg kvifor desse gamle lærarane fortsatt underviste, kvifor dei holdt på, gamle og utslitte. No veit eg kvifor. Etter mange års erfaring blir ein berre betre, gladare i yrket sitt, gladare i menneske og unge. Kvifor forlate ein slik rikdom? Det er godt å satse på noko der ein har tida med seg.

4 kommentarer:

Håvard Haga sa...

Hei! Dette høyrest veldig lovande ut Anders..

Ein ting du bør hugsa på i høve til bloggen er anonymisering. Eg ser du har brukt navnet til "din gode lærar". Dette er ikkje noko du kan gjere utan vidare. Du kan omtale ho som frøken eller "din gode lærar, noko meir enn det er i grunn ikkje naudsynt :)

Lukke til med året ditt på Allmennlærarutdanning. Vonar du får det kjempegøy!

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Jau, done=) Takk for innspel.

Lykke til du òg!

Unknown sa...

Dette var bra anders. Ble dratt inn i teksten din og følte jeg fikk et bilde i hode om hvordan din "frøken" var i rollen som lærer og som person. Fortsett med det gode arbeidet!

Steinar sa...

Hei!

Ja, utvilsamt ein flott lærar dette. Du har rett i at det er mykje her i verda som kan vere vanskeleg å setje ord på, me kallar det ofte "taus kunnskap". Gjer eit søk på nettet etter "taus kunnskap" og eller "Michael Polanyi". Ser du samanheng med dette omgrepet og "din gode frøken"?