torsdag 28. august 2008

Kunnskapsløftet

Dagens ped'økt handla om kunnskapsløftet. Kontrastar i forhold til tidlegare planar(L97 m.m), og ellers viktige punkt/fundament som var verdt å merke seg. Det eg noterte meg, og meiner er viktig, var Kunnskapsløftet si framheving av læraren. Rolla som forbilde og leiar skal framhevast. Med denne nye "makta", trur eg den gode lærar vil få meir og bedre påverknad på elevane. Det kan òg snu andre vegen, slik at dårlege lærarar får makta til å verke i motsatt retning.

K-06 legg og vekt på tverrfagleg breidde i faga, meint slik at alle fag skal stimulere til å bruke/videreutvikle fem sentrale dugleikar. Lese, skrive, rekne, det og utrykke seg munnleg, og digital kompetanse. Desse fem dugleikane vil setje krav til korleis undervisninga skal foregå. Læraren må utføre undervisninga på ein slik måte at desse elementa blir involvert. Sjølv om dette kan sjå veldig komplisert ut er det eigentleg ikkje store saka, meiner eg. Ein kan alltid finne innslag av matte/skriving i fag som ikkje har direkte med dei å gjera. Det blir som å leite etter noko ein vil ska bli funne. Vil ein finne noko mattematikk knytta til norsk, finn ein det, og krava til den avanserte/vanskelege mattematikken vil heller ikkje vere noko store.
Ein kan samanlikne det med formgjeving. Då tenkjer læraren enkelt. " Null problem det, i dag kan elevane lage trekanta bilder, slik får dei innslag av geometri, og slik har eg dekka det Kunnskapsløftet seier om den saken. Den er biff!" Det eg prøver å få sagt her, er at alle fag har innslag av tverrfagleg stoff, på ein eller anna måte. Oppgåva med å fylgje desse nye krava er eigentleg ikkje største utfordringa. Det som blir vrient, er å sjå om denne tverrfaglege breidda har relevans. Har ein lært om multiplikasjon i matte, og lagd geometriske figurar i formgjevinga, ligg ein ikkje akkurat på same plan. Pedagogisk sett, vil denne tverrfaglege fokuseringa ikkje gi noko meir utbytte enn før, fordi det å kombinere alle elementa saman på ein hensiktsmessig måte, vil vere meget, meget vanskeleg. Frå mitt synspunkt er dette noko ein legg for mykje i. Det er viktigare moment i læring å leggje vekt på.

K-06 sin visjon med det å jobbe mot det allmenndanna, arbeidande, samarbeidande, skapande, meiningssøkjande og miljøbevisste mennesket, har mykje ambisjon i seg. Slik må det vere.

tirsdag 26. august 2008

Kunst og litt graut


I ped`økta i dag diskuterte me samfunnet sin påverknad på skule, elevar og lærarar. Me snakka om læraren sin rolle i klassen, og korleis den har endra seg frå før. Me var innom didaktikken, kva dette var og korleis denne er knytta til fag og undervisning.

Det blei nemnd at det å vere lærar er ein kunst. Det er sant at det er eit samansett yrke. Eg meiner lærarar treng mange eigenskapar for å gjera jobben sin så godt som mogleg. Ein skal kunne sjå faget frå fleire sider og kunne setja seg inn i elevens perspektiv. Krav til haldningar, ei rolle som oppdragar og leiar impliserar at jobben er komplisert. Samtidig har ein reglar, elevar, planar og andre faktorar ein må forholde seg til heile tida. Det heile kan kanskje sjåast som ein feit graut ein kan ha problem med å røra i av og til. Så er det berre opp til læraren å finna ut kor mykje melk ein skal ha i for at hjulet skal gå rundt. Og det er ikkje enkelt!

Didaktikk verkar som eit spanande fag. Det å vite kva/kvifor/korleis, blir ei utfordring å bli kjend med. Økta blei slutta av med sitatet, "Undervisning og læring er ikkje det same". Undervisning legg til rette for at læring kan skje. Så er det berre opp til didaktikken om det let seg gjera.

fredag 22. august 2008

Den gode lærar

Alle har gått si tid i skulen, og har såleis heilt sikkert ei formeining om kva ein god lærar er, og motsett. Mi oppleving av “den gode lærar” går fleire år tilbake. Me kalla ho berre “Frøken”. Ho lev ikkje i dag, men kjærleiken til unge, humøret og gleda ho gav, vil alltid leve vidare gjennom tidlegare elevar, vener og kollegaer.

Ein klasse på tjue born var me vel då me starta i 1.klasse på Ås skule. Denne skulen hadde ein første og andre klasse. Ikkje store skulen, altså. "Frøken og hennar lærarkollega leia då desse to klassane på eigenhand. Det var ikkje assistentar der, så det var “Frøken” sitt ansvar, eine og aleine, til å halda styr på oss. Ho hadde noko ved seg, noko som ikkje er heilt lett å setja ord på, sjølv kor mykje ein reflekterer over det i ettertid. Det var noko med “Frøken”. Ein var lydig, ein lytta, ein trudde på det ho sa, uansett. Eg vil ikkje formulere ho som ein autoritet, for på andre sida kunne me alltid fortelja alt til “Frøken”, ein var trygg saman med ho. Samtidig så hadde ho grenser, me visste korleis det var når “Frøken” var sint, men då var det alltid ein grunn til det. Ho var rettferdig, og som domar i alle avgjersler dømte ho alltid rett. Hennar kompetanse var heller ikkje noko å utsetja på. Alle som gjekk i den klassen har vakse opp til gode, dyktige og ambisiøse menneske.

Steinar nevnte litt i dag om det å sjå ting i forskjellige perspektiv. Dette meiner eg nøkkelen for å forstå korleis elevar fattar og lærer, såleis veit ein korleis ein skal lære vekk. Eg trur "Frøken" hadde ei unik evne her. Det er ikkje berre det at elevane lærer, men når dei meistrer, byggjer det sjølvtillit og motivasjon. Kort sagt, læringsevnen til eleven skyt fart når ein får dette fram. Metaforisk meint kan eg samanlikne god læring med det å finne detonatoren til denne kjedereaksjonen.

På ei anna side må ein god lærar tenkje på korleis ho/han opptrer i rolla si. Læraryrket er ei rolle, på lik linje med alle andre roller me har i kvardagen, og for kvar rolle ein spelar krevst det kriterier for den. Ein er sjølvsagt seg sjølv, men til visse roller krevst det å luke vekk ei viss atferd og fremje ei anna. Det kan hende “Frøken” hadde nokre sider som ikkje var bra, men viss det så er røynda, blei me ikkje ein del av det likevel. Ein god lærar bør vere bevisst i atferda si, heile tida, slik at det å bli sett på som ein god rollemodell blir spegelen for elevane i korleis dei ser seg sjølv.

Eg får kjensla av at ein god lærar må kunne så mykje, beherske så mykje, såleis ser det kanskje litt vanskeleg ut. Gry nemnde at etter utdanninga er ein ikkje ferdig, det er berre byrjinga. Eg må sei meg einig. Det å bli ein god lærar veks med tida, med erfaringane. Før spurde eg meg kvifor desse gamle lærarane fortsatt underviste, kvifor dei holdt på, gamle og utslitte. No veit eg kvifor. Etter mange års erfaring blir ein berre betre, gladare i yrket sitt, gladare i menneske og unge. Kvifor forlate ein slik rikdom? Det er godt å satse på noko der ein har tida med seg.

Hei!

Ja, endelig! No er bloggen oppretta. Håpar me får eit flott år, og at me får brukt bloggen til mykje interessant! Håpar dykk vil bruke tid til å sjå på denne bloggen titt og ofte, der De sjølvsagt tek tid til å skrive reflekterande og kloke etterspel.

Snakkas online!!